Hopp til innhold

Thyago kan bli Brann-spelar

Florø-spelar Thyago Fernandes Casagrande kan bli den nye fotballeksporten frå fylket.

Thyago Fernandes Casagrande

Thyago Fernandes Casagrande kombinere siste halvåret på vidaregåande skule i Bergen, med to daglege treningar med eliteserieklubben Brann.

Foto: Stig Høynes/haugenfotball.com

- Han er i utviklingsgruppa vår. Målet hans er å spele seg til kontrakt med A-lagt vårt. Vi har ikkje gjeve noko lovnader, og han må prestere over tid, som alle andre, seier sportleg leiar i Brann, Roald Bruun-Hanssen.

Fernandes Casagrande vart henta til Bergen tidleg i januar, og er ifølgje Haugenfotball.no ein spelar bergensklubben vil satse på framover.

Trenar med A-laget

Fotballspelaren frå Florø har vore i fleire tippeligaklubbar sitt søkjelys den siste tida, og har mellom anna trena med drammensklubben Strømsgodset og Odd Grenland. Han spelte for Brann sitt juniorlag under Color Line Cup i Ålesund.

- Det gjekk veldig bra og eg fekk meir og meir tillit av trenar Helge Nilsen, seier 18-åringen som tysdag morgon har si fyrste trening med A-laget til Brann.

Bruun-Hanssen seier 18-åringen har vore med på juniorturneringa i Ålesund, og at han skal hospitere på a-laget no mellom Brann sine to treningsleirar i utlandet.

- Han vil spele for Brann 2 i kommande sesongar, og Bruun-Hanssen vil ikkje seie noko om moglegheita for eit innhopp i eliteserien denne sesongen.