Hopp til innhold

Thorsnes er ferdig i norsk toppfotball – held fram i utlandet

– Eg har begynt å bli gamal og har lyst å oppleve å spele i utlandet, seier landslagsspelaren frå Leikanger. No forlèt ho Avaldsnes til fordel for ein klubb i anten Kina, USA, Sverige eller England.

Elise Thorsnes triksar ball på hovudet

UTANLANDSPROFF: Etter tre år i Avaldsnes takkar Elise Thorsnes for seg. – Når eg vel klubb, vel eg alltid ein klubb ut frå kva klubb som har størst moglegheit til å vinne noko, seier Thorsnes som bestemmer seg innan kort tid.

Foto: Rune Fossum Lillesvangstu / NRK

I eit innlegg på Instagram tek den 29 år gamle fotballspelaren eit følelsesmessig farvel med Karmøy-klubben.

«Tar av meg hatten og takka for tre fantastiske, lærerike, turbulente, interessant, morosomme og innhaldsrike år i Avaldsnes,» startar Thorsnes.

Ho har eigentleg eitt år att av kontrakten med Avaldsnes, men har no gitt beskjed om at ho ikkje kjem tilbake. Dei siste månadane har ho spelt fotball i Australia, og det blir meir proffspel i utlandet for kvinna som er tidenes mestscorande i norsk kvinnefotball.

– Eg føler eg framleis kan utvikle meg som spelar, så eg vil gå til den klubben der eg trur eg får utvikling. Eg har ikkje så mange år att av karrieren, så eg må opplevde det eg har lyst til før eg sluttar, seier Thorsnes.

Ho seier ho har konkrete tilbod ståande frå fleire klubbar. To klubbar i Kina, ein klubb i England, ein i USA og ein i Sverige. Ho vil ikkje ut med klubbnamn no, men seier ho vil bestemme seg i løpet av kort tid.

Vedgår at det er vondt å reise frå Avaldsnes

Ei veke etter at ho var med å ta cupgull med Avaldsnes i haust, reiste sogningen til Canberra United for å vere med på den vel tre månader lange sesongen på andre sida av verda. Etter tre tunge kampar, opna ho nyåret med å score sitt første hat-trick på fem år.

Sesongen i Australia er enno ikkje over, og håpet er å spele finale i midten av februar. Etter det følgjer landslagssamling i Portugal. Kva klubb ho så blir å finne i er uklart, men det blir iallfall ikkje Avaldsnes.

– Det har litt med ambisjonane til klubben å gjere, men også at eg byrjar å bli gamal og vil til utlandet, seier Thorsnes.

Ho seier det er vondt å ta farvel med klubben ho har spelt for dei siste tre åra.

– Det er ein klubb eg har følt meg heime i, og teken godt vare på. Det er så mange fine folk rundt klubben, det har alltid vore action og aldri kjedeleg.

Elise Thorsnes scorer

SKÅRING: Elise Thorsnes skåra for Avaldsnes då klubben tok sitt første cupgull i haust.

Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

Forstår avgjerda

Per Inge Jakobsen, som var trenar for Avaldsnes til inntil nyleg, forstår at Thorsnes vil halde fram i utlandet.

– Ho er i ein alder der ho må tenkje litt på seg sjølv. Ho har vist i toppserien i mange, mange år at ho er ein av dei beste. Så det er heilt riktig at ho får prøve seg ein annan plass. Det er ein veldig god spelar Avaldsnes mister, så det er synd for dei, seier Jakobsen.