Hopp til innhold

Karmøy - USA 1-0

Fotballproff Elise Thorsnes har vore i kontakt med fleire lag i USA det siste året. No har ho bestemt seg for å bli på Karmøy med Avaldsnes IL.

Elise Thorsnes under treningen på Lansdowne Stadion

BLIR HEIME. Thorsnes har takka nei til USA og blir i Avaldsnes IL. Biletet er frå ei trening på Lansdowne Stadion under Fotball-VM 2015.

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

– Eg har snakka med eit lag i Boston, men så høyrde eg ikkje noko frå dei meir. Avaldsnes trengde eit raskt svar på om eg blei i klubben eller ikkje og då tok eg avgjerda om å bli heime i Noreg, seier Thorsnes.

28-åringen har hatt fleire skader i år og ynskjer å vere på sitt beste om ho reiser ut.

– Ein skal ikkje sjå vekk ifrå at ein ser meg i USA ein gong seinare, men akkurat no var timingen litt dårleg og eg kjende på presset frå Avaldsnes.

Eg får bu i eit flott, stort hus med nydeleg natur. Vi har til og med ein flott båt.

Elise Thorsnes om å bli på Karmøy

Det er ikkje ein stor sorg å seie nei til USA, for Thorsnes elskar å bu på Karmøy.

– Eg er veldig glad for valet eg tok om å bli heime. Eg får bu i eit flott, stort hus med nydeleg natur. Vi har til og med ein flott båt, flirer ho.

28-åringen har fått tilbod om ei rolle i trenarteamet til Avaldsnes IL som ho gler seg til å ta fatt på.

– Eg har fått ansvar for den fysiske biten som personleg trenar og det er noko eg har hatt veldig lyst til å gjere, seier ho.

Plukka ut til landslagstroppen

Den 29. november skal Noreg spele privatlandskamp mot Tyskland. Denne gongen er Thorsnes plukka ut til landslagstroppen og skal spele med eit sterkt lag i Chemnitz i Tyskland.

– Eg har jobba hardt for dette og det er alltid eit mål i seg sjølv å bli plukka ut til landslagstroppen. Tyskland stiller med eit sterkt lag så det blir ein utfordrande kamp som eg gler meg til å vere med på.

Og ho har eit klart ynskje for kvar ho vil spele.

– Eg er best som spiss og håpar at det er den posisjonen eg får, fortel ho.

Usikker framtid

Thorsnes har spelt for Avaldsnes IL denne sesongen og har akkurat signert ei ny kontrakt som varar i to år. Likevel har ho ordna seg godt.

– Eg har lurt meg til ei spesialavtale som gjer at eg kan hoppe av om eit halvt år om det dukkar opp noko anna spennande til sommaren.

Ho trivst godt heime men ser ikkje vekk ifrå at ho reiser utanlands om ho får ei ny moglegheit.

– I fotballverda har eg allereie byrja bli gammal så eg må ta dei sjansane eg får.

Så kanskje vi likevel ser deg i USA om ei stund?

– Det skal ein ikkje sjå vekk ifrå, avsluttar ho.