Hopp til innhold

Thomas har farta 10.500 km på fire veker

– Når eg får slike resultat som denne helga, så er det langt over verdt det, strålar 19-åringen etter nok ei stor helg i kastringen.

Thomas Mardal kastar diskos

PERSAR: Thomas Mardal (GFIL) leverte personlege rekordar i fleng under Nordisk Juniorlandskamp på Island.

Foto: Thore-Erik Thoresen

Tre personlege rekordar, to krinsrekordar og to medaljar. Thomas Mardal (GFIL) har god grunn til å vere strålande nøgd med helgas Nordisk Juniorlandskamp.

I tillegg tok Kristi Strømmen Kjerpeset (Florø) bronse på 100 meter hekk.

– Dette overgår alt. NM-medaljar kan ikkje måle seg med medaljar i konkurranse med dei beste nordiske utøvaran, gliser 19-åringen frå Sandane.

Nye rekordar

Kristi Strømmen Kjerpeset

KREVJANDE: Med kraftig vind og regn hadde Kristi Strømmen Kjerpeset (Florø) alt anna enn gode forhold under 100 meter hekk.

Foto: Ståle Jan Frøynes / Norsk Sprint

Det vart surt og kaldt under meisterskapen på Reykjavik i helga, utan at det ser ut til å ha prega kasttalentet frå Gloppen FIL.

Sin eigen pers i diskos strekte han med ein meter, i slegge vart det ein god halvmeter forbetring, medan persen på kule vart forbetra med nær 30 cm.

– Det er over all forventing. Mest nøgd er eg med diskos, der eg slo ein av svenskane som vart nummer fire i junior-VM. Dessutan var eg berre ein meter bak ein som har pers på 62 meter, seier han.

Over forventing

Jørund Årdal

NØGD: Jørund Årdal er godt nøgd med innsatsen til dei lokale utøvarane på Island. – Tre medaljar viser at dei er veldig godt med på nivået. Det var hard konkurranse, så dette var over forventing, seier han.

Foto: Rune Fossum / NRK

Resultata i både diskos og slegge er nye krinsrekordar for Sogn og Fjordane. Også trenar Jørund Årdal er imponert.

Han meiner resultata i helga viser at friidrettsutøvarane frå fylket held høgt nivå også internasjonalt. I tillegg var Vincent Sondre Førde (GFIL) nær på å ta medlje på 3000 meter hinder.

– Tre nordiske medaljar er maks utteljing og vel så det, men Thomas som tek tre personlege rekordar på to dagar, under til dels vanskelege forhold, er veldig bra. Han presterte betre enn venta, seier Årdal.

Mange kilometer

Thomas Mardal

REISEFOT: – Eg får mykje tid heime resten av året, så om sommaren er det berre kjekt å reise litt, smiler Thomas Mardal.

Foto: Jørund Årdal

For Mardal er dette tredje, eller fjerde, helga på rad han deltek på meisterskap. Totalt er det blitt kring 10.666 kilometer til junior-VM, junior-NM, senior-NM og no Nordisk.

Slikt kjennest på kroppen.

– Ja, eg er byrja å bli sliten. Det har vore veldig intensivt. Men det har gått greitt. Eg har gjort rette førebuingane, seier han.

– Og det ser ikkje ut til å ha gått utover prestasjonane?

– Nei, men eg var nok i betre form under junior-NM enn no. Samstundes kastar eg nok betre teknisk. Og så har det blitt mykje erfaring denne sesongen også.

Sesongen held fram

Glopparen er likevel ikkje ferdig med sesongen. Om to veker deltek han for siste gang i Ungdomsmeisterskapen i Sandnes. Det blir også sesongavslutninga.

19-åringen har planar om å «gå ut» med bravur.

– Eg har håp om same medaljar som i junior-NM. Det vil seie gull i diskos, gull i slegge og sølv i kule. Klarer eg å kaste opp mot mine personlege rekordar så skal gå greitt, men eg kjenner eg har meir inne så det kan bli fleire persar, avsluttar han.