Hopp til innhold

Så langt er Thomas (18) frå EM-billett

Kasttalentet Thomas Mardal (18) imponerande då han i helga starta friidrettssesongen. Allereie er han berre 1,31 meter frå å klare diskoskravet til sommarens U20-EM.

Thomas Mardal

OVERRASKANDE: Berre ei veke etter treningsopphaldet i Portugal, slo Thomas Mardal til med 52,49. – Det var godt over forventing i høve dagsforma. Kroppen var framleis tung og hadde ikkje kome seg heilt etter reisa og slikt, gliser han.

Foto: Truls Kleiven / NRK

Under sesongopninga på Loggane i helga landa diskosen på 52,49 meter. Kravet til U20-EM i Sverige er 53,80 meter.

Fristen for å klare EM-kravet er 6. juli.

– Med eit bra treff i løpet av sesongen så kan eg kaste eit par meter lenger. Under treningsopphaldet i Portugal hadde eg kast over kravet, seier Thomas Mardal.

Håpar på motvind

18-åringen har i år tatt steget opp til 1,75 kilos diskosen. Ein diskos han stort sett fekk kjennskap til og konkurrerte med på tampen av sesongen i fjor. Allereie har han forbetra seg med kring tre meter.

Mardal meiner å vere kapabel til å slenge den nokre meter til. Og lenger enn 1,31 meter som er det han manglar på EM-kravet. No håpar han på motvind i stemna framover.

– I Portugal hadde eg ganske mange kast på 53 meter. Det var i god vind, men det viser at det kan gå under gode forhold. Eg håpar på motvind framover, smiler Mardal.

EM det store målet

Mardal er nok eit kasttalent i rekkjene bak Trude Raad og Marte Rygg Årdal som har grodd fram gjennom friidrettsmiljøet i Gloppen. I fjor kom han mellom anna heim frå ungdoms-NM med fem gull og eitt sølv.

No er Mardal, Hans Sande og Evald Osnes Devik blant talentfulle GFIL-utøvarar som Friidrettsforbundet ynskjer å satse på.

– U20-EM er det store målet for sesongen, men skulle det ikkje gå, så er det vel eigentleg ikkje anna å vente, seier han.

Tek ut troppen 7. juli

– Eg er i aldersgruppa under dei beste utøvarane som vil vere der. Konkurransen er for utøvarar opp til 19 år, så det er eigentleg mykje å vente at ein 18-åring skal klare kravet, legg han til.

Meisterskapen går i svenske Eskilstuna 16. til 19. juli. Friidrettsforbundet tek ut den norske troppen 7. juli. Der vil gjerne 18-åringen frå Gloppen vere.

– Framover blir det å trene godt, og eg har planar om å delta i godt med stemne dei neste månadane. Så får vi sjå korleis det går, avsluttar Mardal.