Hopp til innhold

Fire år gamal vart Harald den første i syskjenflokken med trehjulssykkel

Harald Thingnes gløymer aldri jula 1973. Yngst av sju sysken vart han då den fyrste som kunne kaste seg ut på vegane på ein luksuriøs trehjulssykkel.

Harald Thingnes
Foto: Kaland, Ole / NRK

– Korleis var 2012 for deg?

– Eit år er alltid fylt med både gleder og sorger. I år var kanskje kontrastane ekstra store. Oppgåva er å ta vare på kvarandre, gjennom både opp- og nedturar.

– Kva var di beste personlege oppleving i året som gjekk?

– OL i London var stort å vere med på. Det var eit gigantisk arrangement
som blei fantastisk godt avvikla. Då var det eit privilegium å vere på jobb. Eg fekk jobbe med handballjentene gjennom heile meisterskapen, og det var eventyrleg å vere med å formidle OL-gullet.

Takksam for støtte

– Kva gjorde sterkast inntrykk på deg i 2012?

– Støtta som bygdesamfunnet på Jølster har vist etter at svogeren min gjekk bort, er både rørande og forbilledleg.

– Kva forventingar og håp har du til året som ligg framfor oss?

– Eg har blitt meir og meir glad i noko vi har lite av: tid. Håpar å få meir av det i 2013. Lukka er ei familiehelg utan planar. Dei er det gjerne for få av.

(Artikkelen held fram under biletet)

Harald Thingnes feirar jul som liten.

HÅPEFULL: Ein spent fire år gamal Harald Thingnes, like før han får oppfylt sitt store ynskje i 1973.

Foto: Privat

Heller mål enn forsett

– Har du nyttårsforsett?

– Nei, det har eg ikkje trua på. Set meg heller små mål elles i året.

– Korleis feirar du jul i år?

– Eg feirar tradisjonell jul med svigerfamilien i Arendal. Her et vi pinnekjøt, og kvistar treet på midten slik at vi får plass til alle pakkane. I romjula samlast storfamilien Thingnes i Stryn.

– Kva hugsar du best frå jula i barndommen din?

– At det alltid var eit kompromiss mellom det å finne eit fint juletre, og at skogen på garden måtte tynnast. Var treet veldig fint kunne vi ikkje hogge det, for då stod det som regel aleine. Stod treet tett var det viktig å hogge det, sjølv om det kanskje ikkje var så fint. Men i gamlestova på Thingneset vart det alltid julestemning sjølv om treet av og til skjemde seg i kråa.

Støttar pakkeinnsamling

– Kva er den beste julepresangen du har fått?

– Som bildet kanskje viser var det ein forventningsfull kar som venta på at gåvene kunne opnast, jula 1973. Eg håpa at det gigantiske pakken skulle innehalde ein trehjulssykkel, og det gjorde den! Eg er yngst av seks sysken, men var den fyrste som fekk ein slik luksuriøs doning.

– Kva gjer du for dei som har mindre å rutte med eller er einsame i jula?

– Vi pleier alltid å gje gåver til Frelsesarmeen si pakkeinnsamling på Karl Johan. Det er ikkje store innsatsen, men eg håpar vi står for eit kjærkome bidrag.