Hopp til innhold

Veslebror Bø hadde kjempedag i sporet og på standplass - synte verdseliten ryggen

Med to fulle hus og fantomfart i sporet, var det ingen som kunne hamle opp med stryningen Johannes Thingnes Bø under sprinten i verdscupen i skiskyting i Kontiolahti.

Johannes Thingnes Bø tok serieren på sprinten i Finland

NØGD: Johannes Thingnes Bø kunne juble etter å ha synt heile verdseliten ryggen under dagens sprint i Kontiolahti.

Johannes Thingnes Bø synte kjempeform, både på standplass og i sporet, og parkerte konkurrentane under dagens ti kilometer sprint i finske Kontiolahti.

– Det var eit slit på sisterunden, seier Thingnes Bø.

Ved ni kilometer var han 5,8 kilometer framfor Malyshko, og ved 9,3 kilometer var han 7,8 sekund framfor Fourcade. I mål var Thingnes Bø 7,1 sekund framfor Fourcade. Undervegs gjorde han seg godt nytte av franskmannen.

– Eg var ganske heldig. Då eg gjekk ut frå start, så hadde eg rekna ut at Fourcade kanskje gjekk ut då eg starta, og det gjorde han, seier Thingnes Bø.

Hengde seg på Fourcade

Dermed hekta han seg på franskmannen og heldt lag med han i to rundar.

– Eg fekk dei to første rundane i rygg på han. Eg gjekk mest for å lære og sjå på han, men så skjønte eg at viss eg klarte å skyte fullt hus og gå ein god sisterunde, så ville det bli bra, seier Thingnes Bø.

– Eg sleppte litt på slutten, halvveges i brattebakken. Det var smart, seier Thingnes Bø.

Med sigeren i dag er han den første som vinn to sprintløp i år.

– Det er artig det. Det er sprint som har blitt litt mi greie. Eg føler eg utviklar meg som skiskytar kvar dag, og skytinga vert berre betre og betre. Det skal bli moro i åra som kjem, seier Thingnes Bø.

Det står att fem renn i årets sesong, og der har ungguten frå Stryn tenkt å gje jarnet.

– Det gjeld å mjølke kua medan ho er lett å mjølke, seier Thingnes Bø og ler.

Sist han var i Kontiolahti tok han tre medaljar i junior-VM, og stryningen legg ikkje skjul på at han trivst i dei finske løypene.

– Det er ganske lett parti slik at ein får hente seg inn att. Eg har vorte ganske god på padling i år, og då kan eg gå ganske billeg samanlikna med konkurrentane, seier Thingnes Bø.

Kjempenøgd med sesongen

Johannes Thingnes Bø er nøgd med løpet, og karakteriserer sesongen som svært god.

– Det var det allereie etter første løpet eg vann. No har eg fått vunne litt, har fått oppleve OL og gått gode løp. Dette har vore ein flott sesong, seier Thingnes Bø.

Han rosar smørjarane for innsatsen i dag.

– Eg hadde fantastisk gode ski. Det var herleg å berre liggje bak Fourcade å cruise. Det gjer ein ikkje viss ein ikkje har gode ski, seier Thingnes Bø.

Både Ole Einar Bjørndalen og Emil Hegle Svendsen skaut to fulle hus, men hadde ikkje nok fart i sporet til å slå stryningen. Bjørndalen vart5 til slutt nummer 5 og Hegle Svendsen vart nummer åtte.

Lars Berger skaut to bom, og kom i mål 54,3 sekund bak Johannes Thingnes Bø.

Martin Fourcade kom på andreplass, og Arnd Peiffer frå Tyskland tok tredjeplassen.