Thingnes Bø fekk Karolineprisen

Fredag vart han teken ut til junior-EM i skiskyting. Laurdag vart Johannes Thingnes Bø (Markane) tildelt Karolineprisen for 2012 som landets største skiskyttartalent.

Johannes Thingnes Bø har fått Karlineprisen frå Tom Hilde (t.v.).

TALENT: Johannes Thingnes Bø fekk Karolineprisen overrekt av skihoppar Tom Hilde (t.v.).

Foto: Wang Toppidrett

Utdelinga skjedde under ei tilstelling ved Wang Toppidrett i Oslo. Prisen er på 20 000 kroner og vart delt ut av skihoppar Tom Hilde.

Prisen blir årleg delt ut til ein elev i den vidareågande skulen som har utmerka seg positivt ved å kombinere skulegang og topp-prestasjonar.

– Han har topp prestasjonar i alle skulefag. Samstundes er han grossist i NM-titlar i si klasse, og utfordrar verdas beste skiskyttarar i seniorklassa, står det å lese i begrunninga.

– Eit flott ideal

Johannes Thingnes Bø

IDEAL: Johannes Thingnes Bø.

Foto: Wang Toppidrett

I juryen sat Karoline Krüger som i 1988 var første vinnar for hennar innsats i norsk og internasjonal Grand Prix. Med seg hadde ho Vilhelm Lae, Hanne Staff, Trond Myhre, Elisabeth Andreassen og Lage Fossheim.

Juryen trekte fram at 18-årige Thingnes Bø likevel har tid og overskot til å medverke aktivt i lokalsamfunnet i Stryn. Og at han raust har bidrege som trenar på ulike nivå, mellom anna med psykisk utviklingshemma.

– Et flott ideal for annen ungdom og en verdig vinner som lever opp til Karolineprisens intensjon, meiner dei.

Andre frå fylket

Det er skulane sjølve som har sendt inn forslag på sine kandidatar til prisen. Juryen vurderte 78 verdige kandidatar som representerer eit breidt utval av spennande aktivitetar og flotte prestasjonar.

Thingnes Bø er den andre frå Sogn og Fjordane som vinn denne prisen. Den første var bogeskyttaren Martinius Grov.