Hopp til innhold

Thingnes Bø er årets gjennombrot

Johannes Thingnes Bø (Markane) vart under Idrettsgallaen i Oslo kåra til «Årets gjennombrot» blant idrettsutøvarane.

Johannes Thingnes Bø

PRIS: Skiskyttaren Johannes Thingnes Bø vart laurdag kveld kåra til årets gjennombrot under Idrettsgallaen.

Foto: NRK

Johannes Thingnes Bø vart nominert etter at han vann sine to første verdscupsigrar før jul. Stryningen har på kort tid gått frå junior til å bli ein av landets fremste skiskytterar.

– Tusen takk til juryen som har nominert meg. Tusen takk til mamma og pappa som har lagt til rette for allsidig og utan resultatpress på idrettssida, og alle dykk andre som har hjelpt meg. De veit kven de er, sa Thingnes Bø.

– Og tusen takk til verdas beste skiskyttarlandslag som sit her, la han til på direkten frå Oberhof der skiskyttarane går verdscuprenn.

Som broren

Stryningen gjekk laurdag nok eit sterkt skiskyttarrenn på jakstarten og gjekk seg opp fire plassar til ein 6. plass.

Vann gjorde Emil Hegle Svendsen, som også fekk rett då han før Idrettsgallaen fortalde at han såg fram til at stryningen skulle få prisen.

– Det eg ser mest fram til er å sjå mitt store forbilde, Johannes Thingnes Bø, vinne prisen som «Årets gjennombrot», sa han.

Bø var nominert til prisen saman med Tiril Sjåstad Christiansen, Caroline Graham Hansen, Tom Beier Jensen, Henrik Kristoffersen og duoen Are Strandli og Kristoffer Brun.

NB! Bror til Thingnes Bø, Tarjei Bø, vann same prisen i 2011.