Hopp til innhold

No skal det feirast med champagne

STAVANGER(NRK):Ho laga plate for å kome gjennom sorga etter å ha mista kjærasten. I kveld fekk Thea Hjelmeland barndomsdraumen oppfylt med Spellemannspris i Stavanger for plata «Solar Plexus».

Thea Hjelmeland på Spellemann 2014

SPELLEMANN: Med det synlege beviset på Spellemannspris var Thea Hjelmeland ein lukkeleg musikar.

Foto: Stian Sjursen Takle / NRK

Ei tydeleg rørt og stolt Thea Hjelmeland tok laurdag kveld imot Spellemannspris i klassen «Indie.» Når vi møter ho i garderoben etter utdelinga, er feiringa av ein barndomsdraum i full gang.

Det kjennes heilt fantastisk. Eg har jobba i så mange år med dette albumet og lagt heile sjela mi i det. Denne prisen er ei sterk annerkjenning som gjev meg glede og inspirasjon, fortel Hjelmeland.

Brukte plata som terapi

Thea Hjelmeland mista kjærasten sin medan ho var gravid, og brukte plata Solar Plexus som terapi for å kome gjennom den tunge sorga. Resultatet har blitt eit sterkt og solid album som laurdag kveld vart heidra med Spellemannspris.

–I dag er eg så ufatteleg stolt og skjelven. Å jobbe så konsentrert med ei slik personleg plate krev så mykje. Når eg får motta ei slik annerkjenning er det ei stor ære og ei stadfesting på at musikken min er ønska. Det rører meg langt inni sjela. I dag kriblar og boblar det over i kjenslesenteret – solar plexus,” seier Thea Hjelmeland.

Thea Hjelmeland vant Spellemannspris

PRIS: Thea Hjelmeland på den raude løparen med beviset for Spellemannspris i klassen Indie.

Foto: Erik Waage / NRK
Thea Hjelmeland får Spellemann av Siri Nilsen

KLEM: Siri Nilsen var tydeleg nøgd då ho delte ut Spellemannspris til musikarkollega Thea Hjelmeland med ein varm klem.

Foto: Stian Sjursen Takle / NRK

Hjelmeland var også nominert i kategorien for beste tekstforfattar, men her var det Siri Nilsen som fekk prisen. Litt seinare på kvelden var det nettopp Siri Nilsen som delte ut pris til Thea Hjelmeland.

Takka mamma og pappa

I sin takketale var det dei næraste som fekk heider. Mamma, pappa, søsken, familie, vener og alle dei som har vore med å hjelpe ho fram til å gi ut albumet fekk sin takk. Ho takka også barnevaktene for å gjere det mogleg å satse, og publikum for all støtte.

- Denne plata er så mykje meir enn berre ei plate. Den er eit resultat av eit kaos av følelsar eg ikkje nokon gong trudde eg skulle oppleve, sa Thea i talen sin.

Thea Hjelmeland fekk også framføre låta «Feathery» frå vinnaralbumet under spellemannutdelinga.På veg i garderoben etter sending fekk ho ei mengd av rosande meldingar både av musikarar, publikum, på sms og facebook. På kort tid tikka det inn 50 meldingar på telefonen.

Thea Hjelmeland feirer Spellemannspris

ENDELEG: Det er ein barndomsdraum som går i oppfylling for Thea Hjelmeland som i dag feirar Spellemannspris med champagne i Stavanger kulturhus.

Foto: Stian Sjursen Takle / NRK

Mest fargerike kjolen

- Eg er så glad for at det gjekk så bra også med framføringa av musikken min,seier Thea Hjelmeland.

Ho stilte også i det som var den mest fargerike kjolen under Spellemann. Den hadde ho og Vilde Jensen Hjetland sydd ferdig natt til laurdag.


Ingen av dei andre nominerte frå Sogn og Fjordane fekk Spellemannspris. Karl Seglem var nominert i kategorien «Jazz», Arve Henriksen i «Open Klasse» og Martin Tungevaag frå Stad for «Årets Hit
Her kan du sjå heile Spellemannsprisen i vårt nett-tv:

Det er duket for festkveld fra Stavanger Konserthus når vi skal feire den beste musikken fra året som gikk. På scenen står bl.a. Morten Abel med Odd Nordstoga, OnklP og de fjerne slektningene, Admiral P, Broiler og Emilie Nicolas. Jenny Skavlan leder oss gjennom kvelden når musikkbransjens gjeveste priser skal deles ut.