NRK Meny
Normal

Sprengsyr på Spellemannkjolen

Thea Hjelmeland og Vilde Jensen Hjetland kjem truleg til å sitte i heile natt og sy på kjolen til Spellemannsprisen. Hotellrommet ser ut som ei kaotisk systove, men begge er sikre på å bli ferdige til TV-sendinga laurdag kveld.

Thea Hjelmeland og Vilde Jensen Hjetland syr kjole til Spelemannsprisen i Stavanger

På hotellrommet sitt i Stavanger har Thea Hjelmeland og Vilde Jensen Hjetland laga systove. Her skal dei skape kostymet som Thea skal ha på seg under utdelinga av Spellemannsprisen laurdag kveld.

Foto: Stian Sjursen Takle / NRK

Thea Hjelmeland er nominert til Spellemannspris både i klassen «Indie» og «årets tekstforfattar. » Ho skal også framføre låta si «Feathery» under den store direktesende prisutdelinga på NRK1. Der har ho tenkt å gjere inntrykk både musikalsk og visuelt.

–Ja, no driv vi og syr og fargar tekstilar. Eg har jo planlagt dette ganske lenge. I mange år har eg tenkt på at dersom eg ein dag vert nominert til ein Spellemannspris, så skal eg kle meg anleis, seier Thea Hjelmeland og ler varmt.

LES OGSÅ: I dag fekk Thea oppfylt jentedraumen
LES OGSÅ: Her får ho Luttprisen:Thea er årets artist i Sogn og Fjordane

Kaos på hotellrommet

NRK.no får vere med inn på hotellrommet hennar i Stavanger, der ho og veninda Vilde Jensen Hjetland jobbar hektisk for å få kostymet klart. Rundt oss på alle kantar heng det stoff i fargar og former vi ikkje får lov å seie noko om.
–Vi har hengt opp skilt med ikkje forstyrr på utsida av døra, og det skal nok få henge der til søndag, seier dei to.

Thea Hjelmeland og Vilde Jensen Hjetland syr kjole til Spellemansprisen

Thea Hjelmeland og Vilde Jensen Hjetland vil truleg nytte mykje av natta for å bli ferdig med kjolen til Spellemannsprisen.

Foto: Stian Sjursen Takle / NRK

Skal leike seg til resultat

I løpet av dei komande timane skal mykje av det vi ser rundt oss settast saman til kostymet Thea Hjelmeland skal nytte under utedelinga av Spellemannsprisen laurdag kveld.
–Vi har plukka ut elementa vi skal bruke, teksturar, form og farge. No held vi på å modellere og leike oss fram til den riktige forma, seier Hjetland.

LES OGSÅ: Kritikarane jublar for Thea si nye plate
LES OGSÅ: Ekstreme kontrastar enda med ny plate: Ho måtte konfrontere nytt liv og død samstundes
LES OGSÅ: – Frykteleg stas, seier Thea etter at plata hennar kom høgt på gjev liste

Blir nok lite søvn i natt

Men dei to er enno ikkje heilt klare på korleis resultatet kjem til å bli til slutt. Men dei er likevel heilt sikre på at dei skal bli ferdige til TV-sendinga startar.
– Ja, sjølvsagt blir vi det. Vi har full kontroll. Sjølv om det berre er elementa du ser rundt oss her no, skal vi samle det heile og bli ferdig. Men det kan nok hende det vert lite søvn i natt, seier duoen Hjetland og Hjelmeland.

Perfekt for TV-sending

Dei to har også tidlegare gjort kunstprosjekt saman i duoen sin som dei kallar «Dotti». Men denne gongen blir det med store deler av Norge som publikum. I løpet av fredag ettermiddag får dei også besøk på hotellet av Spellemannarrangørane, men Thea trur ikkje at dei kjem til å synst kostymet blir vel mykje.
–Nei, dette må no vere ein draum for ein TV-produksjon som Spellemann, seier Hjelmeland før dei held fram syjobben på hotellrommet.

Den nye regjeringa vurderer å kvitte seg med odelslova. Det kjem ikkje på tale, svarer bøndene.
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.