Hopp til innhold

Thea Hjelmeland vil få folk til å danse

Den førre plata hennar blei til etter ein sorgprosess. No vil artisten Thea Hjelmeland frå Førde lage musikk som får folk ut på dansegolvet.

Thea Hjelmeland

NY MUSIKK: Artisten Thea Hjelmeland frå Førde har kome med ny singel.

Foto: Gitte Johannessen / NTB scanpix

Fredag sleppte artisten Thea Hjelmeland sin nye singel. Den kjem fire år etter at ho gav ut "Solar Plexus", som blei til i prosessen etter at ho miste sambuaren sin og far til barnet sitt.

– Eg har vore så utruleg privilegert ved å møte publikum i ein sårbar situasjon, og bli møtt med omsorg og ærlegdom tilbake. Eg har fått mykje tillit hos publikummet mitt. Så no håpar eg får med meg den gjengen ein annan stad, seier Hjelmeland.

Nye verktøy

Dei siste åra har ho gjort fleire prosjekt innanfor teater, film og dans. Hjelmeland har mellom anna vore å sjå i framsyninga "Så vakker du er" på Sogn og Fjordane teater.

– Eg har fått kjenne på kva verktøy eg har og korleis eg kan bruke dei. Når eg skulle lage ny plate, tenkte eg på kva jobb eg har lyst til å ha. Når eg lagar plate er det det materialet eg tek med inn på konsertane, seier ho.

– Eg ville lage noko meir rytmisk, som er lett og godt i energien, at ein kan få lyst til å danse og som har mykje humor. Det er det eg har laga.

Er ein stovedansar

Sjølv kallar ho seg ein stovedansar.

– Eg dansar sjølv i stova. Då finst det ingen reglar, og det er ingen som kan sjå deg, så då slår eg meg laus. Det er mykje stovedans i denne plata her.

Å veksle mellom alvor og det som er lettare, synest ho er naturleg.

– Eg tenkjer det er ein naturleg balanse at ein går litt fram og tilbake. Den førre plata skreiv eg som eit naturleg resultatet av eigen sorgprosess. Då eg turnerte var det litt som å gå opp igjen i dei kjenslene. Det vart mykje merksemd og mange fantastiske tilbakemeldingar frå publikum. Det var overveldande på ein positiv måte.

Vestnorsk humor

Albumet som kjem til hausten heiter "Kulla", mens den singelen har fått namnet "Pleasure".

– Generelt handlar det om at vi har ei førestilling om korleis ting skal vere. Og så kan verkelegheita vere heilt annleis, veldig naturleg og ganske styggvakker på eit vis.

– Eg ville finne på ting, lage fiksjon. Samtidig ville eg seie ting rett fram og kjenne på kor utruleg ubehageleg det kan vere. Og så er det mykje vestnorsk humor i denne og plata som kjem. Sanninga kan vere overveldande i seg sjølv. Klarer ein ha eit skråblikk på det var det kanskje ikkje så gale likevel, seier Thea Hjelmeland.