Hopp til innhold

«Polarprinsessa» spelar for millionar i Japan

Thea Hjelmeland har landa både distribusjonsavtale og tidenes radiolisting i verdas 10. største land. – Det er heilt sprøtt at dette skjer på andre sida av jorda, seier ho.

Thea Hjelmeland

POLARPRINSESSE: Thea Hjelmeland blir kalla «polarprinsessa» i utlandet. No står Japan for tur.

Foto: Vegard Fimland

Ikkje nok med at Thea Hjelmeland spelte for sjølvaste Kongen då Professor Rolf Bjerkvig fekk Kong Olav Vs Kreftforskingspris måndag kveld.

Som hovudartist for radionettverket USEN, er ho også i ferd med å bli «Big in Japan».

– Begge albuma mine er lista og berre den første veka får eg 1.428 avspelingar. Ein skal ganske høgt opp for å få så mange avspelingar i Noreg. Og innan eit par veker kjem begge albuma for sal, så får ein sjå. Det er absolutt spennande, seier Thea Hjelmeland.

Millionar av lyttarar

Spellemannprisvinnaren frå Førde har tidlegare jobba mot Tyskland, Frankrike og Cuba. Etter promoteringa under musikkmessa Hokou Music Fest i Tokyo i fjor haust, får millionar av lyttarar høyre musikken til Hjelmeland den neste tida.

Radionettverket USEN er av dei største i landet med kring 130 millionar innbyggjarar.

– Det betyr veldig mykje at så mange får høyre musikken min. Det er veldig spennande og ein slags hemmeleg draum. Så står att det å sjå om dei har lyst å ha «polarprinsessa», over til Japan, seier Hjelmeland.

Blir testa ut

I første omgang blir musikken hennar «testa» ut på det japanske publikumet. På sikt kan det også bli konsertar, om ikkje turne. Samarbeidspartnarane hennar har allereie fått fleire førespurnadar frå landet.

– Så får vi sjå kva som skjer etter desse to vekene, seier ho og ikkje heilt har svare på kvifor japanarane vil høyre meir av musikken hennar.

– Men så vidt eg veit har det japanske publikumet alltid vore interesserte i nordisk og norsk musikk. Nysgjerrigheita kan lett bli trigga når dei veit det kjem mykje bra musikk frå Noreg, seier ho.

Har potensial

Det er marknadsføringsbyrået hennar Miss Fixit Agency som har landa avtalane.

– Ho er heile pakken, og det er ein grunn til at USEN valde henne som hovudartist til å fronte spelelista denne veka. Eg trur ho har eit stort potensial i Japan no som ho har passert nålauget til USEN, seier Yoko Hatano, som er den japanske samarbeidspartnaren.

Hjelmeland er både overraska og stornøgd med resultatet.

– Eg har reist ganske mykje, men faktisk aldri vore i Asia. Japan er eit utruleg spennande land og det har stått svært høgt over land eg ynskjer å vere og spele i. Det er noko med kulturen og popkulturen for den litt absurde, seier ho.

Må lære seg språket

Hjelmeland held på med si tredje plate, og skal i haust vere med på fleire teaterstykke. Men før den tid ventar ein hektisk festivalsommar, med mellom anna Fres og Malakoff.

Og språkkurs i turnebussen. For japansk er ikkje hennar sterkaste språk.

– Per dags dato kan eg berre bestille ein eplejuice og seie «Takk du er min ven», men ein kan jo kome eit godt stykke med det også, seier Hjelmeland lattermildt.