Hopp til innhold

– Frykteleg stas, seier Thea etter at plata hennar kom høgt på gjev liste

Aftenposten har kåra dei ti beste plateutgjevingane i Norge i 2014. På femteplass kjem plata til Thea Hjelmeland frå Førde - «Solar Plexus». – Det kjennest heilt fantastisk, det er frykteleg stas, seier Thea.

Thea Hjelmeland

VELDIG STOLT: Thea Hjelmeland set stor pris på at albumet hennar er kåra til årets femte beste i Norge.

Foto: Vegard Fimland

Aftenposten har kåra «Like I'm a warrior» med Emilie Nicolas til årets beste album, nummer to er «It's album time» med Terje Todd, nummer tre «Silent treatment» med Highasakite, nummer fire er «Behind the Sun» med Motorpsycho, og altså nummer fem «Solar Plexus» med Thea Hjelmeland.

– Det er alltid litt spesielt når musikk blir lista opp på denne måten, men eg må seie at eg er veldig stolt. Og når musikkmeldaren til avisa, Svein Andersen, meiner at plata mi er den fjerde beste internasjonale utgjevinga er det berre fantastisk, seier Thea.

Om plata til Thea skriv avisa:

«Bak alt det åpenbare talentet blir dette albumet styrt av sterke følelser», skrev vi om Hjelmelands andre album. Bakgrunnen er at hennes ektemann ble døende syk samtidig som hun opplevde å bli gravid. Livets store kontraster ga oss lyttere et slagkraftig album.

– Enormt hyggeleg

– Eg tek til meg at Aftenposten er ei veldig seriøs avis. Difor var det også enormt hyggeleg at plata mi fekk terningkast seks av meldaren deira, seier Thea Hjelmeland.

Ho tek og til seg at det har kome ut veldig mykje god musikk i Norge dette året.

– Det har vore ein veldig bra platehaust i Norge med mange sterke utgjevingar. Det gjer at det er ei spesielt stor ære når «Solar Plexus» endar på ein femteplass.

Også i Bergensavisen haustar ho ære. Avisa har kåra dei ti beste låtane frå Bergen i 2014. Der kjem «Quererte» frå «Solar Plexus» på fjerdeplass.

Her er heile lista:

• 1. Silja Sol - «Stemning»
• 2. Sondre Lerche - «Sentimentalist»
• 3. Röyksopp - «Here she comes again»
• 4. Thea Hjelmeland - «Quererte»
• 5. Aurora Aksnes - «Awakening»
• 6. Store P - «Vikje være i din verden»
• 7. Hvitmalt Gjerde - «Duene»
• 8. Hjerteslag - «Ikkje tenk på det»
• 9. Vilde Tuv - «Det blåser ingen vinder inni huset»
• 10. Advanced Language - «Waiting Up»

Til Øyafestivalen - men først Julelutt

Thea Hjelmeland kunne denne veka også gle seg over at ho er mellom dei første artistane som er stadfesta til Øyafestivalen 2015.

– Eg har alltid drøymt om å spele der. Det kjem til å bli fantastisk.

Og neste laurdag stiller Thea Hjelmeland på scena i Sogndal kulturhus saman med resten av kremen av artistar frå Sogn og Fjordane. Kanskje blir det meir heider og ære?

Thea Hjelmeland

SPELAR PÅ ØYAFESTIVALEN: Thea Hjelmeland er ein av få artistar som allereie er stadfesta til Øyafestivalen.

Foto: Andrew Amorim