Hopp til innhold

Thea Hjelmeland fekk Luttprisen 2018

Thea Hjelmeland vart laurdag kveld tildelt Luttprisen som årets artist frå Sogn og Fjordane 2018.

Thea Hjelmeland

MYKJE SKRYT: Thea Hjelmeland fekk laurdag kveld Luttprisen.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

Hjelmeland får prisen for albumet Kulla som gav ho strålande kritikkar frå eit samla meldarkorps i fjor.

– Tusen takk. Eg var eigentleg nervøs fordi eg skulle spele. Dette er heilt fantastisk. Eg har høyrt rykte om folk som har røysta. Det set eg enormt stor pris på. Eg tar aldri noko slikt for gitt. Eg vil takke NRK og Stian Sjursen Takle, men eller mest Sogn og Fjordane, sa Thea då ho fekk prisen.

Terningkast seks

Kritikarane gav ho nesten utelukkande toppkarakterar for albumet.

– Stort betre kan det ikkje gjerast, skreiv Aftenposten sin meldar og gav ho terningkast seks.

Luttprisen vart delt ut under eit større show frå Larris Scene i Førde, som vart sendt direkte på radio. I tillegg til Luttprisvinnaren var både Sjur, Sofia, Line Dybedal, Karoline Løken-Nesthun, Aleks Grey, Karl Seglem, Frida Hunshammer, Jackbow og Odd-Erik Lothe på scena.

9000 røyster

Luttprisen vert kåra av ein fagjury saman med ein folkejury som har levert nesten 9000 røyster.

– Både låtane og tekstane til Thea er knallsterke, og konsertane hennar har vist at ho også gir publikum heilt unike opplevingar både frå scene og sal, heiter det i grunngjevinga. Prisen er eit stipend på 25.000 kroner frå Sparebanken Vest og eit kunstdiplom av Oddvar Torsheim.

I fagjuryen sit Arnt-Ivar Naustdal frå Malakoff, Hilde Bjørkum frå Førdefestivalen, Elise Hessevik frå Brak, Stein Aase frå NRK, Kristin Sandal frå OnCue, Jan Inge Fardal frå Sogn Avis, Øyvind Lyslo frå Sogn og Fjordane fylkeskommune og Tore Dvergsdal frå Sparebanken Vest.

Thea Hjelmeland

TALENT: Thea Hjelmeland spelte tre låtar under Luttprisutdelinga.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

Årets nykommar

Dei unge rockarane i bandet Jackbow frå Eid vart kåra til årets nykommar under showet. Dei fekk prisen etter ein konkurranse med tre andre band frå Sogn og Fjordane på Larris scene fredag kveld.

Dei tre andre artistane i konkurransen var Maih frå Fjaler, Falkevik frå Vågsøy og Kaia Höl frå Årdal.

– Jackbow imponerte sterkt. Dei unge gutane frå Eid har verkeleg lagt jernet til for å levere eit hardtslåande og energisk show. Med tre sterke singlar, og ei rekke gode konsertar i 2018 har bandet vist at dei kan levere både live og i studio, skriv juryen.

I juryen sit Viggo Randal i Utkantfestivalen, Silje Halstensen (Bendik), Astrid Fuglevaag (Bylarm) og Simon Korneliussen i Vill Vill Vest.

Jackbow

STJERNESKOT: Dei unge gutane i bandet Jackbow vart kåra til årets nykommar.

Vart overraska med pris

Elida Høgalmen frå Oldedalen vart også overraska med eit Furorestipend frå Sparebanken Sogn og Fjordane på 50.000 kroner.

– Elida har etablert seg med sitt heilt eige uttrykk alt med debuten i 2016, og ikkje minst har ho fått respons frå både presse og publikum på sin debut-EP som kom i haust, meiner juryen. I juryen sit Torill Faleide, Trude Skarvatun, Terje Lyngstad, Stig Roger Eide og Pål Fidjestøl.