Hopp til innhold

Thea Hjelmeland får elevane på vidaregåande til å danse

Spellemann-vinnar Thea Hjelmeland opptrer for 4000 ungdommar i fylket i desse dagar.

Thea hjelmeland har skulekonsertar i sogn og fjordane.

– Det er litt ekstra stas å spele for elevar her. Eg er veldig glad i Sogn og Fjordane, og stolt av å vere herifrå, seier Thea Hjelmeland.

Artisten frå Førde er ein av dei mest kjende artistane frå fylket. Den førre plata hennar vart lønna med spellemannspris i kategorien beste indie-plate.

– Eg testar ut nokre nye låtar, og spør elevane kva dei tykkjer. Det er så herleg, for det er så ærlege, fortel Hjelmeland.

Thea Hjelmeland

MULTITALENT: Utanom å spele mange ulike strengeinstrument, snakkar Thea Hjelmeland sju språk. Fleire av dei brukar ho i sangane på konsertane sine.

Foto: Ahmad Dean / NRK

Speler på mange strenger

Scena på Dale vidaregåande skule er lyssett i blått. Lyskastarane er sikta inn på Thea Hjelmelan, der ho trakterer mange ulike strengeinstrument gjennom låtane. Dei mange instrumenta og den spennande stemmebruken pregar musikken hennar.

– Det er veldig annleis musikk der ho brukar mange ulike instrument på ein nyskapande måte. Det minner meg om alt frå indie til jazz, det er veldig kult, seier Ida Nydelius som var å høyrde på konserten.

Ho er elev ved United World College i Fjaler. Og medan Nydelius sette pris på Thea Hjelmeland sin musikk, set artisten sjølv ekstra pris på det internasjonale publikummet.

– I dag var det litt spesielt å ha konsert sidan det internasjonale publikummet er her, då er det enda meir liv enn det vanlegvis er.

Thea Hjelmeland har konsert i dale

LIVLEG: Publikum var med på notane då Thea Hjelmeland vitja Dale vidaregåande skule med den kulturelle skulesekken.

Foto: Ahmad Dean / NRK

Internasjonalt show

Thea Hjelmeland speler på mange strenger, og ho snakkar også mange språk. I låtane sine brukar ho innslag av både fransk og spansk.

Det fall i god jord hos det livlege publikummet.

– Først tenkte eg: Hæ. er det spansk ho syng? Eg har spansk på skulen nemleg. Men så høyrde eg det var fransk. Det er veldig imponerande at ho snakkar så mange språk. Eg er veldig glad i språk sjølv, så da er det kult å oppleve at nokon snakkar så mange, seier Marion Boge Skaar.

Det er ekstra inspirerande å vere på konsert med ei som er frå fylket, seier venninnene.

– Vi er veldig stolt av at ho er frå Sogn og Fjordane. Det er kult å sjå at nokon herifrå også kan oppnå noko så bra.

Skuleelevar dale

IMPONERTE: Marion Boge Skaar og Miriam Gjøen Bøe hadde ikkje høyrt mykje på Thea Hjelmeland før. Men dei likte godt det dei høyrte.

Foto: Ahmad Dean / NRK