Hopp til innhold

Her får ho Luttprisen:Thea er årets artist i Sogn og Fjordane

SOGNDAL (NRK): Ei jublande glad Thea Hjelmeland fekk laurdag kveld tildelt Luttprisen og blei dermed kåra til årets artist frå Sogn og Fjordane.

Thea Hjelmeland får Luttprisen

SVÆRT GLAD: Thea Hjelmeland fekk laurdag kveld utdelt Luttprisen som årets artist i Sogn og Fjordane. F.v. jurymedlem Jan Inge Fardal (Sogn Avis), Thea Hjelmeland og Stian Sjursen Takle (NRK).

Foto: Christian Blom / NRK

Thea fekk prisen i samband med den NRK sin store Julelutt-konsert i Sogndal kulturhus, og ho fekk overdøvande applaus frå ein fullsett sal. Både folkejuryen og fagjuryen var svært oppglødde over årets vinnar.

– Tusen, tusen takk. No får eg nesten ikkje puste. Eg er kjempestolt, sa ei tydeleg rørt Thea Hjelmeland, då ho blei kalla inn på scena for å motta den gjeve prisen.

Ho kom rett frå Bergen til Sogndal i bil, og hadde svært knapt med tid før Sogn Avis-redaktør Jan Inge Fardal utropa ho til årets Luttpris-vinnar.

– Eg kom inn døra for få minuttar sidan, og eg skifta på ferja, sa Thea.

– Svært dyktig utøvar

– Ho er fyrst og fremst ein svært dyktig utøvar både instrumentalt og vokalt, i tillegg til å vere ein innovativ låtskrivar med eit sterkt personleg uttrykk. Ho er kompromisslaus, uredd og har ei historie å fortelje. Ho har mange musikalske bein å stå på og er aktuell i forestillingar både på Den Nationale Scene i Bergen og ved Sogn og Fjordane Teater, skriv juryen for Luttprisen.

Juryen meiner ho som artist byr på seg sjølv på ein særs positiv måte, både på konsertar her i landet og internasjonalt. Den siste plata til Thea Hjelmeland har fått strålande kritikkar, og ho er engasjert til prestisjetunge festivalar framover.

Les også: Har 19.000 følgarar på Instagram - no er han klar for hundretusenvis på julekvelden

Niande Luttprisen

Det har vore ein omfattande veg fram til årets vinnar. Først fekk publikum lov til å nominere kven dei ville. Deretter kunne alle som ville røyste på ti kandidatar til prisen, før tre finalistar vart plukka ut av fagjuryen og folkejuryen. Mange tusen røyster kom inn på dei ulike kandidatane.

– Sogn og Fjordane har eit mangfaldig musikkliv med fantastiske artistar. Det var mange verdige kandidatar til Luttprisen 2014. Og juryen har ikkje hatt ein enkel jobb med å vurdere desse opp imot kvarandre. Det er kjekt å sjå at våre lokale artistar gjer det stort også nasjonalt og internasjonalt, og at dei når publikum langt utanfor våre fylkesgrenser, skriv fagjuryen.

– Sterkt musikkliv i fylket

Juryen var samansett av Arnt Ivar Naustdal frå Malakoff Rockfestival, Kristin Sandal frå Norsk Country Treff, Øyvind Lyslo frå Sogn og Fjordane fylkeskommune, Tom Øyvind Solheim frå Sparebanken Vest, Stein Aase frå NRK og Jan Inge Fardal frå Sogn Avis.

– Det var veldig kjekt å sjå at vi stod igjen i finalerunden med tre artistar innanfor tre vidt forskjellige sjangrar. Det vitnar om eit sterkt musikkliv i fylket, og at artistar i fylket lukkast uavhengig av sjanger. Det styrkjar mangfaldet i musikklivet vårt, seier Tom-Øyvind Solheim i fagjuryen.