Turistar kjem seg ikkje ut på verdsarvfjorden – turistferja fjerna anløp i Aurland

AURLAND (NRK): Tarun Midje Hjelle og hotelltilsette i Aurland får kjeft av sinte turistar som ikkje kjem med ei turistferje dei har kjøpt billettar til lang tid i førevegen. Ferjeselskapet The Fjords har nemleg fjerna ein viktig avgang i turistbygda.

Tarun Midje Hjelle

FRUSTRERANDE OPPLEVING: – Gjestene våre hadde planlagt mange opplevingar i verdsarvområdet, men må reisa vidare med drosje frå Aurland, seier Tarun Midje Hjelle, konsulent ved Vaangsgarden gjestgiveri.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Det skulle vera tid for forsoning, men kontroversen mellom reiselivet i Aurland og ferjeselskapet The Fjords bobla fram under eit møte i Aurland tidlegare denne veka.

Kjernen i striden: The Fjords køyrer turistferja mellom Flåm og Gudvangen, men fjerna 11.15-avgangen frå Aurland framfor årets sesong, ein avgang reiselivsbedriftene på Aurlandsvangen meiner er viktig.

Resultatet er frustrerte turistar som ikkje får vera med ferja inn i verdsarvområdet, sjølv om dei har kjøpt billettar, gjerne eit år i førevegen.

25 turistar kom ikkje med

– Gjestene våre hadde planlagt mange opplevingar i verdsarvområdet, men må reisa vidare med drosje frå Aurland, seier Tarun Midje Hjelle, konsulent ved Vaangsgarden gjestgiveri.

Berre den siste veka har det to føremiddagar stått att grupper på høvesvis åtte og 17 turistar på kaien i Aurland. Dei har følgt gjeldane rutetabell til ferjeturen som i dag blir driven av The Fjords, eigd av Fjord1 og Aurland ressursutvikling.

Desse 25 kjem i tillegg til dei som er råka av den nedlagde 11.15-avgangen.

Ei reise i ro

EI REISE I RO: Turistar flyr rundt halve jorda for å oppleva Nærøyfjorden, men ein kansellert ferjeavgang i Aurland har sett ein stoppar for verdsarvopplevinga for over tjue turistar berre den siste veka.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

– Me får ein god del kjeft, som me eigentleg tek i mot på vegner av Fjord1 og Aurland ressursutvikling. Mange er frustrerte, fordi dei har reist jorda rundt for å sjå desse fjordane, seier Hjelle.

Denne sesongen har det dessutan skjedd at ferja ikkje har stoppa i Aurland, fordi ferjemannskapet har trudd at der ikkje har vore folk på kaien.

Avgang i det uvisse for 2016

På møtet i Aurland blei The Fjords utfordra på om dei vil gjeninnføra 11.15-avgangen i Aurland. Det kan konstituert dagleg leiar Rolf Sandvik ikkje lova:

– Det kjem an på om me får den same avgangen frå Flåm òg neste år. Dessutan må dette passa til NSB i Flåm og Tide sine bussar i Gudvangen, for å få ein samanheng i reisetilbodet «Norway in a nutshell».

Rolf Sandvik

FRAMLEIS SPENT: Gnissingane mellom Geir Sandvik (f.v.) og Stian Hårklau i The Fjords og reiselivet på Aurlandsvangen kom tydeleg til overflata på eit møte i Aurland tidlegare i veka.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

The Fjords prøver å gjera verdsarvfjordane i Sogn attraktive for turistar, òg om vinteren. Eit argument for å kutta 11.15-avgangen har vore at for få turistar har gått på i Aurland til at det lønar seg.

– Det er opp til næringa i Aurland å byggja marknaden saman med oss, slik at dette blir lønsamt for oss begge.

Forventar gjeninnføring

Aurland kommune, som eig The Fjords indirekte gjennom Aurland ressursutvikling, har engasjert seg i den omstridde saka. Eit samla formannskap har kravd at føremiddagsavgangen bør gjeninnførast. Det gjer òg ordførar Noralv Distad (H), som ber The Fjords om å bidra til å roa gemytta når dei set opp rutetabellen for neste år:

– Eg forventar at dei er tydelege for det. Den typen debattar me har hatt, er veldig uheldig.

Regjeringa vil ha større konkurranse i landbruket, men bøndene på Vestlandet er skeptiske.
Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.