Sintef Helse har utført undersøkinga, der 77 prosent av studentane ved HSF si avdeling i Førde seier dei er til dels særs nøgde med utdanninga.
Femteplass
Dette gjev sjukepleieutdanninga ved Høgskulen i Sogn og Fjordane femteplassen på rangeringa over landets helsefaglege utdanningar.
Dekan Eva Marie Halvorsen ved avdeling for helsefag i Førde trur gode lærekrefter og tette band mellom lærarar og studentar er grunnar til at skulen er så godt likt.