Hopp til innhold

Tett vestlandsderby i cupen enda med Brann-siger

SOGNDAL (NRK): By vann over bygd i vestlandsderbyet i kveld. Sogndal yppa seg på heimebane og scora det første målet, men etter 90 minutt stod det 2–1 til Bergen.

NM i fotball for menn 2019. Sogndal møter Brann

ELITESERIE MOT 1. DIVISJON: Vestlandsderbyet trekte mange tilskodarar til Fosshaugane Campus.

Foto: Christian Blom / NTB scanpix

Laster innhold, vennligst vent..

NMs tredje runde. Vestlandsderby. Minna frå cupfinalen frå 1976 låg langt framme i hovudet på alle som hadde teke turen til Fosshaugane Campus i Sogndal. Alt låg til rette for eit typisk og tett cup-oppgjer.

Det starta roleg, men Brann tok grep om kampen. Veton Berisha kjempa seg til to gode sjansar før det var gått 20 minutt. Men så:

Brann-keeper Eirik Holmen Johansen prøver å bokse vekk ein ball i 16-meteren. Men han meiar Sogndal-spiss Sigurd Haugen ned i same slengen. Dommaren blæs straffe, og Haugen sjølv scorar sikkert. 1–0 til Sogndal, om enn ikkje fullt fortent.

Sogndal stoppar ikkje med det, og kunne lett ha gått opp til 2–0 også. Sixten Jensen kjem heilt åleine gjennom etter eit godt angrep. Men i staden for å skyte sjølv, legg han ballen til Sigurd Haugen som står i klar offside-posisjon.

  • Her kan du sjå alle måla:
Sogndal taper 1-2 for Brann i NM

Snur kampen

Det sette fart i Brann-laget. I dei siste minutta før pause viser dei at dette er ein kamp mellom eit eliteserielag og eit 1. divisjonslag.

Først eit klassisk sjølvmål av Sogndal-stopparen Stefan Antonijevic. Petter Strand slår hardt inn frå høgrekanten, og Antonijevic sklir ballen inn i eige mål på første stolpe. 1–1.

Eitt minutt seinare legg Azar Karadas fint igjen til Veton Berisha på lengste stolpe. Berisha spelar ein enkel støttepasning som fintar ut Sogndal-forsvaret, og Amer Ordagic scorar enkelt. 2–1, og kampen er snudd.

I sluttminutta kjempar Sogndal hardt for ei utlikning, men det ville seg ikkje for heimelaget. Dermed må dei konsentrere seg om ligaen resten av sesongen. Brann går vidare til kvartfinale i september.

– Sogndal var sterke

Branntrenar Lars Arne Nilsen visste det kom til å bli ein tøff kamp.

– Når Sogndal møter Brann er dei betre enn dei er til vanleg, hevdar han. Nilsen gir ros til Sogndal og seier at det er eit spennande lag.

Brann-trener Lars Arne Nilsen

JAMN KAMP: – Vi visste det kom til å bli tøft, seier Branntrenar Lars Arne Nilsen, sjølv om dei drog sigeren i land i Vestlandsderbyet.

Foto: SIMON SKJELVIK BRANDSETH / NRK

– Vi har mange sjansar, men det var ein tett og jamn kamp. Det kunne fort blitt uavgjort og ekstraomgangar, seier trenaren.

– Vi er glade for at vi går vidare, seier Brann-trenaren til NRK.

Sogndal-spelar: – Ingenting å skamme seg over

Sogndal-trenar Eirik Bakke er skuffa over at laget ikkje kom seg vidare i cupen.

– Eg likar ikkje å tape. Spesielt ikkje mot Brann, seier sogningen.
Trass i tapet føler Sogndal-trenaren at laget har teke store steg.

Eirik Bakke

SKUFFA: Sogndaltrenar Eirik Bakke er skuffa over kveldens kampresultat, men spår ei lys framtid for laget sitt.

Foto: Christian Blom

– Vi er nærare å ta Brann enn vi har vore tidlegare, meiner han.

Sogndalspelar Ulrik Fredriksen tek ikkje kampresultatet like tungt.

– Vi tek med oss ein god følelse, sjølv om vi taper. Det er eit godt eliteserielag vi spelar mot. Det er ingenting å skamme seg over, seier 20-åringen.

Bakke gir ros til publikum på Fosshaugane Campus.

– Publikum var fantastiske i dag. Vi må prøve å bygge vidare på det.

Sogndaltrenaren fortel at laget har ein ung og lovande gjeng på veg opp.

– Sjølv om det vart tap i kveld, så blir laget betre og betre. Det lovar godt for framtida, avsluttar Bakke.

Her kan du sjå heile kampen i reprise.