NRK Meny
Normal

Her lagar SV-toppane trafikkork

Riksveg 5 mellom Kaupanger og kommunesenteret Sogndal er direkte farleg for mjuke trafikantar, meiner SV.

SV-tur til Kaupanger

LAGA KØ: SV-toppane i Sogndal sin sykkeltur førte til bilkø. Svingar og til dels smal vegbane, gjer det vanskeleg for mjuke trafikantar frå Kaupanger til Sogndal.

Foto: Privat

Sist helg tråkka fire av listekandidatane til partiet seg opp bakkane og svingane frå Sogndal til Kaupanger.

Laga trafikktrøbbel

Den til dels smale vegen er sterkt trafikkert, noko politikarane fekk oppleve på nært hald.

Steinar Øydvin

KRITISK: Steinar Øydvin I SV, meiner at det er på høg tid at noko vert gjort for å trygge vegen mellom Kaupanger og Sogndal.

Foto: Privat

– Vi var fire syklistar som sykla i lag bortover, og me laga jo trafikkproblem, med kork og kø. Når ein då har lastebilar som ligg rett bak og ikkje vågar å køyre forbi, så skapar det trafikkfarlege situasjonar, berre det at vi var fire syklistar på tur. Den strekninga er farleg for syklistar, slår andrekandidat for SV i Sogndal, Steinar Øydvin fast.

Han meiner at det bør satsast på betre tilhøve for syklistar mellom dei ulike bygdelaga i skulekommunen Sogndal.

Mange elevar og studentar bur til dømes på Kaupanger, men slik riksvegen er i dag, er det direkte farleg å leggja ut på tur, meiner han.

Vil ha vurdert tunnel

– På sikt er det jo snakk om å få ein gang og sykkelveg heile vegen. Sjølvsagt er det råd å tenkja seg enklare tiltak som kan gjera vegen meir framkommeleg for syklistar. Det har vore fleire ulukker, som gjer at ein vurderer om det er mogleg å ha ein tunnel frå museet på Kaupanger til Hagalandet i Sogndal, hevdar Øydvin.

Han meiner at vegstyresmaktene må få opp auga for at behovet for tilrettelegging for mjuke trafikantar er stort i Sogndal, som er ein kommune i sterk vekst.

– Sogndal må gjerast til ein meir sykkelvenleg kommune, meiner Øydvin.

Krev ny bru

Fylkespolitikarane har tidlegare handsama kravet om ei ny bru over Barsnesfjorden, til erstatning for den gamle og smale Loftesnesbrua på riksveg 5. Dette må vere eit naturleg steg i arbeidet for ei utbetring langs heile strekninga, meiner SV.

– Vi ønskjer å gjere Sogndal kommune til ein meir sykkelvenleg kommune. Det betyr at vi må gjere noko i høve sentrum; Loftesnesbrua og andre farlege strekningar for syklistar, slår SV-kandidaten fast.

Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå
Milliongåve til Redningsselskapet som takk for innsatsen