NRK Meny
Normal

Testa livet som profesjonelle fotballspelarar

Denne veka har fem unge fotballtalent frå Stryn vore i Madrid på fotballskule. Der har dei blant anna fått bryne seg i kamp mot store lag som Athletico Madrid.

Fotballeir Madrid

STOR OPPLEVING: Her står gutane ved VM-pokalen til Spania. Frå venstre: Peter Frausing, Marius Antsen og Stian Gjengedal Olsbø.

Foto: Privat

Denne veka har 64 14-åringar frå heile Norge vore i Madrid for å få kjenne på korleis det er å leve som profesjonell fotballspelar på fulltid. Deriblant fem frå Stryn idrettslag.

– Det har vore ei kjekk veke med veldig mykje god trening. Vi har fått oppleve og lære ganske mykje, fortel Stian Olsbø frå Stryn.

I ei veke har dei hatt treningsøkter ein til to gonger kvar dag på same stad som det spanske landslaget trenar. I tillegg har dei spelt kampar på kveldstid mot lag som Athletico Madrid og Rayo Vallecano, begge klubbar som har lag i spansk toppfotball.

Innblikk i profesjonell karriere

Dei har også fått vere med på rundtur på Real Madrid sin stadion, Santiago Bernabeu og Vicente Calderón, som er Athletico Madrid sin stadion.

– Dette er for barn som har vore med på utdanningsprogrammet i fleire år. Så dette er på ein måte det siste steget i programmet før dei startar med gute- og jentefotball, fortel Brad Douglass, som er teknisk direktør i Coerver coaching i Norge.

fotballeir i madrid

FOTBALLSKULE: Deltakarane frå Stryn. Frå venstre: Peter Frausing, Kaisa Vollsnes Wemby, Marius Arntsen, Andrine Lødemel Bøe og Stian Gjengedal Olsbø.

Foto: Privat

Fotballskulen er arrangert av Coerver coaching som er eit globalt fotballtreningsprogram som har samarbeid med fleire fotballklubbar i Norge, blant dei Stryn.

Målet er ikkje berre fotballtrening, men at spelarane skal forstå alle sider av eit liv som profesjonell fotballspelar.

– Dei bur saman og et i lag, akkurat som om dei spelte på landslaget eller i ein profesjonell klubb. Dei må ete riktig og legge seg til rett tid og slike ting. Dei må også forstå korleis dei skal ta vare på seg sjølv. Det er ingen foreldre som er med, berre trenarar og spelarar.

Dei norske laga imponerte

Stian Olsbø

REAL MADRID: Stian Olsbø på pressebenken til Real Madrid.

Foto: Privat

At dei unge spelarane på Athletico Madrid ikkje drakk iste eingong, var ein tydeleg vekkar, ifølgje Douglass.

– Det var éin dag vi fekk pizza. Resten av tida måtte vi ete sunt. Vi prøvde å få i oss minst mogleg sukker, fortel Olsbø, som har høge ambisjonar:

– Eg vil utvikle meg til å bli best mogleg og eg er villig til å legge ned mykje innsats for å bli det, seier han.

Dei norske laga imponerte dei profesjonelle laga, fortel Douglass.

– Men vi er berre glade for at dei har ei fin oppleving. Vi håpar å gi deg eit godt og trygt miljø der dei kan kjenne på livet som profesjonell, for å sjå om dette er noko dei vil, seier Douglass.