Her testar dei ut verdas første flytebryggje for cruiseskip

Allereie måndag vart det klypt ei raud snor for å markere utprøvinga av verdas første flytebryggje for cruiseskip. Laurdag fekk den såkalla Seawalk-kaia bryne seg på eit endå større skip.

Testa ut Seawalk-kai i Skjolden

VERDAS FØRSTE: Seawalk-kaia som i dag vart testa ut i Skjolden er verdas første av sitt slag.

Foto: Tage Skjaak Moen

Elddåpen for den 230 meter lange flytebryggja fann stad i Skjolden i dag då cruiseskipet Queen Elisabeth besøkte bygda.

På kaia var det fleire representantar frå internasjonale reiarlag og potensielle kundar. Hamnesjef i Skjolden, Nils Petter Solheim er svært godt nøgd med dagen.

– Dette gjekk veldig bra, akkurat slik vi hadde planlagt det. Alle var nøgde, både dei på land og dei på skipet, seier Solheim til NRK.no.

Mange fordelar

Konseptet med ei samanleggbar flytebryggje for cruiseskip vart først utvikla av Høyanger-selskapet Østerbø Maskin og har no sett dagens lys etter at selskapet Cruise Ventures på Veitastrond kjøpte opp og gjekk vidare med prosjektet.

Norske fjordar er populære mål for cruiseskip, men trafikken har no blitt så stor at det mange stadar ikkje er nok kaiplass til alle båtane som vil leggje til. Ei mobil flytebryggje har mange fordelar, seier styreleiar Ole Heggheim i Cruise Ventures til NRK.no.

– Dette er ein løysing som er veldig miljøvenleg, den er lite plasskrevjande, og fleksibel i forhold til anløpa. I tillegg er kostnaden ved ei slik kai vesentleg lågare enn ei fast kai, seier Heggheim til NRK.no.

(Artikkelen held fram under biletet)

Testa ut mobil flytebryggje for cruiseskip i Skjolden

FØRSTE TEST: Måndag la cruiseskipet Ameda til kai ved den samanleggbare cruisekaia i Skjolden.

Foto: Tage Skjaak Moen

– Kapteinen var godt nøgd

Slik det er i dag må mange cruiseskip ankre opp ute på fjorden dersom dei ikkje får leggje til kai. Men i staden for å frakte passasjerane med lettbåtar inn til land, er det no mogleg å nytte ei såkalla Seawalk-kai.

Selskapet Cruise Ventures har denne veka fått testa ut ein prototype av kaien. Måndag var det skipet Ameda på 193 meter som fekk leggje til kai ved flytebryggja.

Skipet la først til kai ved den ordinære cruisekaien, før den la seg ut på fjorden igjen og fekk teste ut det som er verdas første samanleggbare og mobile flytebryggje for cruiseskip.

– Det gjekk veldig bra, kapteinen var veldig godt nøgd, seier Heggheim.

Kan ta i mot skip opp mot 350 meter

Laurdag fekk kaia ein ny test. Då med eit skip som var 100 meter lenger. Queen Elisabeth med sine 294 meter kom då inn Sognefjorden til Skjolden.

– Det spelar ikkje noko rolle kor stort skipet er. Vi har dimensjonert bøyefortøyningane til skip som er opp mot 350 meter lange, fortel Heggheim.

Hamnesjef Nils Petter Solheim i Skjolden fortel at Queen Elisabeth la til ved kaien med sine vel 2000 passasjerar og mannskap. Nær 2500 gjekk dermed til land via den mobile flytebryggja.

– Det gjekk veldig bra, det var ikkje noko trengsel på nokon måte, seier hamnesjefen.

Testa ut verdas første flytebryggje for cruiseskip i Skjolden

STOR MERKSEMD: Selskapet Cruise Ventures på Veitastrond trur det blir seld mange Seawalk-kaier i tida framover.

Foto: Tage Skjaak Moen

Har fått stor internasjonal merksemd

Den mobile flytebryggja har ei breidde på 4,5 meter. Heggheim fortel at dette gjer kaianlegget kapasitet til å tømme eit skip med 4000 passasjerar på ein time.

– Dette er veldig stort, vi har fått mykje internasjonal merksemd. Det er faktisk destinasjonar frå heile verda som følgjer med på desse testane, seier Heggheim stolt.

Under testen laurdag var det gjestar frå både inn og utland på plass for å følgje med. Heggheim seier dei har mange kundar som er interesserte, men kan per no ikkje seie noko om kor neste Seawalk-kai dukkar opp.

– Vi håpar at vi skal selje fleire kaier i løpet av hausten så dette er definitivt den første av mange, seier Heggheim til NRK.no.

Hamnesjefen i Skjolden seier dei ser fram til å kunne nytt seg av Seawalken framover.

– Til neste år har vi dobla talet på cruiseanløp her i Skjolden, vi nærmar oss rundt 50 anløp. Då har vi også nokre dobbeltanløp, og då vil vi nytte Seawalken, seier Nils Petter Solheim til NRK.no.