Hopp til innhold

Terrorsikta planla å sprengje avis

Den terrorsikta mannen (37) med bakgrunn frå Førde skal ha tilstått at han hadde planar om terror. Målet skal ha vore å sprengje Jyllands-Posten.

Terrorsikta 37-åring

PLANLA ATTENTAT: Den terrorsikta 37-åringen som har budd i Førde vart pågripen i Tyskland.

- Eg kan stadfeste at ein av dei sikta i terrorsaka har tilstått planleggjing av terror, seier kommunikasjonssjef Trond Hugubakken i Politiets Sikkerhetstjeneste (PST) til VG Nett.

Ifølgje kommunikasjonssjefen skal den danske avisa Jyllands-Posten ha vore attentatmålet for den sikta irakaren.

Pågripen av PST i Tyskland

Den terrorsikta irakaren er tidlegare styreleiar for Førde islamske senter, men har ikkje vore i kontakt med det muslimske miljøet i Sunnfjord etter at han flytta i 2002.

LES MEIR:

Han er ein av dei tre terrorsikta mennene, som vart pågripne av PST i Tyskland i juli.

Har forklart seg i avhøyr

Den 37 år gamle irakaren har advokatane Brynjar Meling og Arvid Sjødin som forsvararar.

- Eg kan stadfeste at klienten vår og eg har vore i avhøyr, der han har forklart seg om rolla si, seier Meling til vg.no.

Dei to andre sikta i saka nektar for straffskuld.

(Artikkelen held fram under biletet)

Huset der den 37 år gamle terrorsikta budde

I FØRDE: Her budde den 37 år gamle irakaren medan han var i Førde.

Foto: Simon Solheim / NRK

Britisk etterretning: - Knytt til al-Qaida

Familiefaren nektar for å ha vore ein del av ei terrorcelle. Han avviser også at han har hatt tilknyting til al-Qaida.

- Eg vil ikkje gå i detaljar, men det er viktig å få fram at dette er handlingar som ligg på planleggingsstadiet. Eg meiner det aldri har vore konkret og nærliggjande fare for liv og helse i denne saka, seier Meling.

Politiet meiner dei tre mennene har hatt kontakt med ei al-Qaida-gruppe i Pakistan. Britisk etterretning knyter dessutan den terrorsikta nordmannen til al-Qaida-nettverket, som skal ha vore involvert i bombeangrepa i London i 2005.