Hopp til innhold

Terrorsikta har budd i Førde

Ein av dei tre terrorsikta mennene er tidlegare busett i Førde.

Terrorsikta 37-åring

Den terrorsikta 37-åringen som har budd i Førde vart pågripen i Tyskland.

Ifølgje VG var Førde fyrste staden i Norge den 37 år gamle mannen frå Irak kom til. Han er tidlegare styreleiar for Førde islamske senter.

37-åringen vart pågripen i Tyskland, der han var på ferie med familien.

Var på ferie

Den irakiske kurderen oppheldt seg hos kjende i den tyske byen Meiderich. Her skal han etter det NRK.no kjenner til ha vore på ferie.

Kona til den terrormistenkte seier at maskert, tysk politi storma inn på soverommet medan dei låg og sov torsdags morgon. Paret og deira to born var på ferie då huset vart storma.

Dei skulle mellom anna til Legoland.

Dei sikta

Starta islamsk senter

37-åringen og kona har budd i Norge i fleire år, men dei kom først til Førde.

Etter det NRK.no kjenner til var 37-åringen med å starta Førde islamske senter saman med fleire andre. Han var styreleiar i 2002.

NRK.no har vore i kontakt med representanter for det islamske senteret i Førde, men ingen ønskjer å kommentere saka med namn. Men dei stadfestar fleire detaljar rundt den terrormistenkte.

Vi får opplyst at mannen gjekk Norsksenteret i Førde då han budde der og at han hadde jobb i Høyanger.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.