NRK Meny
Normal

Terrakommunar på humorfestival

21.-24. august er det Humorfestival på Hjelmås i Nordhordland. Og arrangørane har invitert Terra-kommunane og Gulen som spesielle gjester.

Terra Securities
Foto: Scanpix

- Terra-kommunane er i ein fortvila situasjon. Men litt humor og humør skadar ikkje, seier Lars Hagesæter i Humorfestivalen til avisa Nordhordland.

Ikkje meint som fleip

Humorfestivalen blir innleia med ein humørkonferanse. Her er det fokus på korleis ein kan bruke humor i omstillingsprosessar.

Alle kommunane i Hordaland er inviterte til konferansen, og i tillegg har Terra-kommunane og Gulen kommune fått spesialinvitasjon om å sende to representantar gratis til konferansen.

- Dette er ikkje noko form for fleip med Terra-kommunane. Vi trur dei kan trenge ei handsrekning i ei vanskeleg tid der dei har gått på ein alvorleg økonomisk smell. Humor kan hjelpe i dei fleste situasjonar, seier Hagesæter til avisa

- Det trur vi gjeld også for Gulen, som har måtta tole mykje elende og negativ merksemd etter Vest Tank-eksplosjonen i fjor.

Knutepunkt for inspirasjon

Konferansen er lagt opp til å vere eit inspirerande knutepunkt for offentleg tilsette, politikarar og andre med særleg interesse for lokalsamfunnsutvikling.

Klinisk sosionom Svein Torgeir Dale blir ein sentral figur under konferansen. Han har lenge nytta humor som terapeutisk virkemiddel i møte med pasientar i psykiatrien og innan HMT-arbeid.

- Kjekt

Ordførar i Vik kommune, Marta Finden Halset, er positiv til invitasjonen.

- Det er kjekt å høyra at dei tenkjer på oss, seier ho.

- Humor hjelper mot alt.

Men ho veit ikkje om kommunen vil senda representantar til festivalen.

- Det får me sjå an når me har lest invitasjonen meir grundig, seier ho.

Vegopning på Bergum i Førde kommune