Hopp til innhold

Terra-sjef tente 11 millionar

Medan kommunane tapte millionar på Terra-skandalen, håva konsernsjefen inn millionar på kontoen sin.

Konsernsjef i Terra-gruppen Ola Sundt Ravnestad

Tidlegare konsernsjef i Terra-gruppen, Ola Sundt Ravnestad.

Foto: Bjørn Sigurdsøn / SCANPIX

Glopparen Ola Sundt Ravnestad var ein av initiativtakarane til etableringa av Terra-Gruppa AS i 1997, og var også ein av dei som gjekk etter at Terra-skandalen dukka opp.

SØK I SKATTELISTENE

Tente 11 millionar

Åtte kommunar har fått att delar av den vel milliarden dei tapte på den mykje omtala finansskandalen. Men for Vik og Bremanger lydde tapa på høvesvis 145 og 240 millionar kroner.

Medan 2007 vart ein gedigen finansiell blåmåndag for dei to kommunane, kunne Ola Sundt Ravnestad sjå vel 11 millionar kroner rulle inn på kontoen.

Fekk 5,5 millionar

Den tidlegare konsernsjefen fekk med seg 5,5 millionar kroner i etterløn då han i slutten av november trekte seg for å skape ro kring selskapet etter skandalen.

INNTEKTSTOPPEN FOR SOGN OG FJORDANE

Dei tidlegare styremedlemene i Terra Securities , Egon Moen og Aud Ingrid Espeland, kan vise til inntekter på vel 700.000 og 900.000 kroner. Espeland er busett i Flekke i Fjaler, og er dagleg leiar i Fjord Invest i Førde. Moen er banksjef i Årdal.

Dette tente dei

Navn

Rolle

Inntekt

Formue

Skatt

Ola Sundt Ravnestad

Tidlegare konsernsjef

11.160.032

8.845.249

5.335.151

Aud Ingrid Espeland

Tidlegare styremedlem

954.324

324.891

411.574

Egon Moen

Tidlegare styremedlem

751.159

0

334.561

Harald Norberg

Tidlegare meklar

0

0

8321

Knut Anders Opstad

Tidlegare meklar

0

0

0