Hopp til innhold

Terra-meklar angrar ingenting

Terra-meklar Harald Norberg (biletet) angrar ikkje på måten han har handtert Terra-kommunane.

Harald Norberg
Foto: NRK

Meklarane i Terra Securities, Harald Norberg og Knut Anders Opstad, har vore tause overfor media etter at Terra-skandalen vart avslørt på førjulsvinteren i fjor. Begge to har vore utsette for massiv kritikk fordi dei selde svært risikofylte amerikanske obligasjonar til mellom andre Bremanger og Vik i Sogn og Fjordane.

Lettar på sløret

Norberg letter no på sløret og fortel at den siste tida har vore svært vanskeleg.

- Alt medietrykket og all kritikken mot oss har vore uverkeleg. Vi har ikkje selt obligasjonane i den hensikt at kommunane skulle tape pengar. Vi har gjort det i god tru, seier Norberg.

- Men kommunane hevdar dei er lurte trill rundt av dykk?

- Det har eg ingen forståing for. Kommunane har fått den informasjonen dei treng, seier Norberg.

Lurt trill rundt

Norberg hadde ansvaret for kontakten med mellom andre Bremanger kommune, og hevdar også Bremanger fekk all informasjon.

- I ein fersk rapport frå revisjonen i Ytre Sogn og Sunnfjord fortel rådmann Tor Kristian Gulhaugen i Bremanger at du i praksis styrte heile løpet når det gjeld obligasjonane og at han i etterkant føler seg lurt trill rundt. Kva er din kommentar til det?

- Det får stå for hans rekning.

- Umogeleg å sjå føre seg

- Bremanger har investert 370 millionar kroner på risikofylte obligasjonar og det stipulerte tapet ligg i dag på om lag 100 millionar kroner. Kva tenkjer du rundt dette?

- Verken vi eller rådmannen i Bremanger kunne sjå for oss at utviklinga i marknaden skulle bli så fatal. Hadde vi visst det ville vi aldri investert i desse obligasjonane.

- Rådmannen og ordføraren i Bremanger fortel at beskjeda frå deg var at investeringa ikkje var risikofull. Kva er din kommentar til det?

- Det får stå for deira rekning.

Tente pengar på obligasjonane

- Du var oppført med ei inntekt på om lag sju millionar kroner i 2006. Forstår du at folk reagerer på at du har tent deg rik på same tid som kommunar kring om i distrikta har tapt store summar?

- Det ligg i sakens natur at vi har tent pengar på å selje obligasjonar. Ut over det har eg ingen kommentar til dette.

- I tidsrommet 2001 til 2007 tok Terra Securities med kommunetoppane til Brussel, Frankfurt, Edinburgh, Island, Barcelona og London for å gje dei informasjon om Terra-investeringane. Kvifor måtte Terra Securities ta med rådmennene og ordførarane til utlandet for å gje denne informasjonen?

Betalte drinkane

- I våre dagar er det heilt vanleg at ein legg denne type seminar til utlandet. Det ville ikkje vorte billigare om vi hadde lagt det heile til Oslo. Kommunane betalte både reise og opphald sjølv.

- Kven betalte maten, dei sosiale aktivitetane og barrekningane?

- Det var det vi som gjorde.

- Mange oppfattar desse turane som reine smøreturar. Kva er din kommentar til det?

- Det har eg ingen forståing for.

Kritisk til revisjonsrapporten

- Den ferske rapporten frå revisjonen stiller spørsmål om turane kan definerast som korrupsjon. Kva er din kommentar til det?

- At dette skulle vere korrupsjon er det reinaste tøv. Når det gjeld revisorrapporten så reagerer eg på ein del av den sterke kritikken som er kome mot Bremanger kommune. Revisoren var nemleg tilhøyrar på fleire av informasjonsmøta og sat på den same informasjonen som det politiske miljøet. Bremanger kommune burde brukt ein heilt uavhengig revisor.

- Trist for kommunane

- Rådmennene i Terra-kommunane har vore utsette for massiv kritikk i etterkant av Terra-skandalen. Kva tankar gjer du deg om det?

- Det er leit og trist at rådmennene skulle bli utsette for dette. Dei er hardt arbeidande folk som ikkje har fortent dette, seier Norberg.

Les også: Avviser kritikken frå Terra-meklar