Hopp til innhold

Terra-kommunar tapte ankesak

Kommunane Narvik og Haugesund har tapt ankesaka mot ein irsk bank. Men det treng ikkje å bety at Bremanger og Vik vil tape si sak mot DnB Nor.

Terra Securities

BLIR STÅANDE: Korkje Haugesund eller Narvik nådde fram med anken, og dermed blir dommen mot kommunane ståande. Det treng likevel ikkje ha noko å seie for Vik og Bremanger.

Foto: Lien, Kyrre / SCANPIX

Dei to kommunane gjekk til sak mot Depfa Bank, fordi dei meiner lånet som banken gav til Terra-investeringene var ulovleg.

I dag tapte kommunane Narvik og Haugesund ankesaka mot den irske banken i ankeretten i London.

I Sogn og Fjordane er kommunane Vik og Bremanger i same situasjon som Narvik og Haugesund. Begge kommunane har gått til sak mot DnB Nor.

Men dommen i London dannar ikkje automatisk presedens i saka.

- Det treng ikkje bety at Bremanger og Vik vil tape si sak mot DnB Nor. Det er litt ulike spørsmål domstolane skal ta stilling til, seier advokat for Terra-kommunane, Stein Erik Stinessen.

Vik og Bremanger tapte over tre hundre millionar kroner i investeringar dei gjorde gjennom Terra Securities.