Hopp til innhold

Terra-kommunar får erstatning i millionklassen etter avgjerd i rettsvesenet

Bremanger og Vik er blant dei sju Terra-kommunane som har vunne fram i tingretten i eit søksmål mot forsikringsselskapet ACE.

Marta Finden Halset og Terra-skilt

VIKTIG: Vik-ordførar Marta Finden Halset trur dommen kan vere viktig med tanke på andre saker kommunane har gåande i rettsvesenet etter Terra-skandalen.

Foto: Fotomontasje: NRK/Kyrre Lien (Scanpix)

– Det betyr mykje for andre saker i dette sakskomplekset. Retten slår fast at Terra har eit erstatningsansvar, så dette er ein gledens dag, seier ordførar Marta Finden Halset til NRK.no.

Kommunane Haugesund og Hattfjelldal gjekk til sivilt søksmål mot Terra sitt forsikringsselskap ACE European Group Limited. No er dei tilkjent ein «halv siger».

Om saka blir ståande som rettskraftig, betyr det samstundes at det dryp pengar også til Bremanger og Vik.

– For Bremanger sin del betyr det om lag 14 millionar kroner, seier rådmann Tom Joensen til NRK.no.

Haugesund fekk 50 millionar

Hattfjelldal og Haugesund saksøkte ACE European Group Limited for 100 millionar kroner. I ei avgjerd frå Oslo tingrett er Haugesund tilkjent 50 millionar kroner i erstatning frå selskapet.

Retten kom fram til at Hattfjelldal ikkje hadde fremma kravet sitt innanfor fristen.

Men dommen er likevel ein stor siger for Terra-kommunane, som til saman tapte meir enn ein milliard i Terra-skandalen. Selskapet no må betale 50 millionar kroner i erstatning til kommunane, i tillegg til renter frå 2008.

(Artikkelen held fram under biletet)

Rådmann i Bremanger kommune, Tom Joensen.

NØGD: Rådmann Tom Joensen i Bremanger konstaterer at kommunen kan få 14 millionar om dommen blir ståande.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Trur ein ikkje er ferdig før i 2016

For Bremanger kan det bety om lag 14 millionar kroner om dommen blir ståande. For Vik kan det bety åtte millionar kroner. Ankefristen er på éin månad.

– Dommen er med på å underbyggje påstandane våre om kva som har skjedd i Terra-saka. Tingretten konkluderer med at Terra ikkje har opptrådt slik dei burde i høve informasjonsplikt. Dermed slår ansvarsforsikringa til Terra inn, slik at kommunane saman får ei utbetaling på om lag 75 millionar kroner, seier Joensen.

– Dette er med på å styrke saka vår, meiner rådmannen.

– Kan det også bety at ein går mot slutten på denne saka?

– Eg trur det framleis vil gå ei god stund før vi er heilt ferdige. Ankesaka mot Den danske Bank kjem ikkje opp i lagmannsretten før i mars 2015. Vi veit heller ikkjeom Ace vil anke dommen frå i dag. Eg trur vi skriv 2016 før vi er ferdige med alt.

Har avtale om fordeling av pengar

NTB melder at Hattfjelldal ikkje fremma sitt krav innanfor fristen, og at dei derfor ikkje har fått handsama erstatningskravet sitt.

Bremanger, Hattfjelldal, Haugesund, Hemnes, Kvinesdal, Narvik, Rana og Vik tapte store summar på kompliserte spareprodukt selde gjennom det konkursramma meklarhuset Terra Securities.

Kommunene har inngått ein eigen avtale om intern fordeling av beløpet ein eller fleire kommuner måtte bli tilkjent.