Hopp til innhold

Terra-kommunar ankar etter å ha blitt avvist i New York

I førre veke avgjorde ein amerikansk domstol å avvise erstatningssøksmålet som sju Terra-kommunar, mellom dei Vik og Bremanger, har retta mot Citigroup. No ankar dei avgjerda.

Bremanger og Vik i Sogn

ANKAR: Bremanger og Vik ankar saman med dei fem andre Terra-kommunane.

Foto: Steinar Lote/Tone Merete Lillesvangstu / NRK

– Dette er ei prosessuell avgjerd om saka skal stoppast eller drivast vidare inn til realitetshandsaming. I denne avgjerda seier retten at saka skal avvisast, og at ho ikkje skal vidare inn i det amerikanske systemet, seier advokat Stein Erik Stinessen i advokatfirmaet Lund & Co, som bistår kommunane i saka, skriv hegnaronline.no.

Stinessen kallar dommen eit mellombels nederlag, og trur av avgjerda vert reversert i neste rettsinstans.

Trur det vil snu

– Slik sett er dette negativt for kommunane, men det har vore fleire slike avgjerder tidlegare frå same retten som i all hovudsak har fått i Citigroups disfavør, seier Stinessen.

Avgjerda vert no anka, og den amerikanske advokaten som representerer dei sju kommunane har sagt at han er sterkt usamd i avgjerda, og kan ikkje forstå grunngjevinga.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Video Terraskandalen set tydelege spor

Terraskandalen set tydelege spor

Saksøkte for 560 mill.

Det var saman med bustyret i Terra Securities at kommunane Bremanger, Vik, Hattfjelldal, Hemnes, Kvinesdal, Narvik og Rana saksøkte Citigroup for nærare 560 millionar kroner etter kjøp av bustadlånsrelaterte spareprodukt i Citigroup via Terra i 2007.

Terra Securities gjekk konkurs.