NRK Meny
Normal

No startar den harde kampen om 410 Terra-millionar

BREMANGER/VIK (NRK): Ikkje før det historiske forliket med Den norske bank er i boks, ventar ein beinhard kamp for Terra-kommunane om millionane i konkursbuet og forsikringsselskapa til Terra Securities.

Oddbjørn Ese

HISTORISK DAG: Rådmann Oddbjørn i Vik kunngjorde forliket med Den norske bank for dei kommunetilsette 5. juni.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Forliksavtalen med Den norske bank (DNB) inneber at Terra-kommunane «berre» må betala 650 millionar kroner, halvparten av det opphavlege kravet.

For Vik og andre Terra-kommunar betyr det at eit langt gjeldsmareritt endeleg er over.

– I tillegg er det andre rettssaker på gang, så situasjonen kan bli endå betre, sa rådmann Oddbjørn Ese til dei kommunetilsette 5. juni.

Lettelsen er stor i Vik, Bremanger og dei andre såkalla Terra-kommunane i dag, etter at dei har inngått forlik med DnB.

STOR LETNAD I VIK: 5. juni fekk innbyggjarane i Terra-kommunane vita om forliket med Den norske bank.

Mykje å kjempa om

Éi erstatningssak er oppgjeret med Terra Securities sine to forsikringsselskap ACE og AIG. Med full utteljing kan kommunane samla sitja att 230 millionar kroner.

Ei anna sak er kravet i konkursbuet etter Terra, på til saman 180 millionar kroner, der kommunane er den største kravshavaren.

Totalt er det altså 410 millionar kroner å kjempa om.

Rettssak neste år

Erstatningssaka mot ACE, der Terra Securities hadde ansvarsforsikringa si, kjem opp for lagmannsretten i januar 2016. Tingrettsdommen i fjor gav delvis siger til Terra-kommunane. Dommen slo fast at kommunane hadde krav på 75 millionar kroner i erstatning, rentene inkludert, for dårleg rådgiving frå Terra.

Rådmann i Bremanger kommune, Tom Joensen.

FORVENTAR ERSTATNING: – Rettssakene og DNB-forliket indikerer at Terra Securities ikkje har opptredd slik dei skulle, seier rådmann Tom Joensen i Bremanger.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Rettssaka mot AIG, der Terra hadde styreansvarsforsikringa si, er det derimot ingen rettstvist om, så håpet er å få ei avklaring i løpet av eit halvår, seier rådmann Tom Joensen i Bremanger.

Kommunane sine pengar

Forliket med DNB inneber at kommunane skal få pengane som kjem ut av erstatningssakene. Teoretisk kan difor til dømes Vik og Bremanger maksimalt få høvesvis 41 og cirka 65 millionar kroner.

Det realistiske er ein god del mindre sum, men sjansen for å at kommunane skal få tilbake meir pengar, er stor – ikkje minst etter at oppgjeret med dei to forsikringsselskapa er klart, meiner Joensen:

– Dei sakene som har vore i retten, samt DNB-forliket, indikerer heilt klar at Terra Securities ikkje har opptredd slik dei skulle.

Oppgjer tidlegast neste år

Styrar for konkursbuet etter Terra Securities, Jon E. Skjørshammer, har tidlegare i år sagt at han ikkje vil vurdera det endelege kravet frå Terra-kommunane før det kjem rettskraftige dommar i dei pågåande erstatningssakene. Det endelege oppgjeret etter Terra-skandalen er difor ikkje klart før tidlegast neste år.

Sjølv om dei åtte Terra-kommunane då maksimalt kan få tilbake 410 millionar kroner frå konkursbuet og forsikringsselskapa, åtvara rådmann Oddbjørn Ese for tre veker sidan Vik kommunestyre mot å ha for store forventningar:

– Å tru at kommunane skal få alt dette er ein illusjon. Dessutan skal me betala sakskostnader til dei som skal køyra sakene. Men sidan me allereie har dekka inn underskot, vil det som måtte koma, gå rett på botnlinja vår og vera fond.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser