NRK Meny
Normal

Blir hylla for Bylarmkonsert

Over 200 publikumarar stod forgjeves i kø for å få sjå Thea Hjelmeland spele på Bylarm. Dei heldige som slapp inn i den vesle kyrkja, fekk oppleve ein konsert VG og Dagbladet meiner fortener terningkast fem.

Thea Hjelmeland på Bylarm

FULL KYRKJE: Thea Hjelmeland spelte for ei fullsett kyrkje under Bylarm 2015 i Oslo.

Foto: Stian Sjursen Takle / NRK

Alt før dørene opnar har det samla seg kø utanfor st. Edmunds Kirke midt i Oslo sentrum. Det er her Bylarm har plassert den einaste konserten til Thea Hjelmeland under årets store bransjetreff. Innanfor dørene er det berre plass til 120 personar i benkane i den vesle og intime kyrkja.

Konserten anbefalt av Aftenposten

Mellom anna Aftenposten og NRK P3 har anbefalt nettopp denne som ein konsert å få med seg blant hundrevis av andre. Nokre minutt seinare er dørane opna og kyrkja er stappfull. Ute samlar det seg fort ei lang kø av publikum som har eit håp om å få komme innanfor dørane, men for dei fleste vart det ein bomtur.

Stian Sjursen Takle og Thea Hjelmeland

ANBEFALT: Konserten til Thea Hjelmeland var anbefalt av mange under årets Bylarm, mellom anna Aftenposten. Her er ho i intervju med NRK under Bylarm.

Høge terningkast frå avisene

Men dei som fekk plass fekk oppleve det Dabladet omtalar som halelujah-stemning i Bylarm-kyrkja framført av det VG omtalar som brura frå verdsrommet. Begge gjev dei ho terningkast 5.

I bestemor sin brurekjole har ho kyrkja, publikum og stemninga i si hule hand frå første tone. For første gong under dette Bylarm opplever reporteren at ingen snakkar under konserten. Jubel og hjarteleg applaus avsluttar det heile etter dei tilmålte 30 minutt, som er det alle artistane får for å vise seg fram.

Ulikt mange andre Bylarm-konsertar

Etter konserten var Thea strålande glad.

–No har eg det veldig godt. Det var heilt fantastisk, og eit privilegie å få lov å spele på bylarm. Like flott var det å få spele i ei kyrkje. Det vart veldig nært, ganske ulikt mange av dei andre konsertane på Bylarm, sa Thea Hjelmeland.

Thea Hjelemeland på Bylarm 2015

HALELUJAH-STEMNING: VG meinte det var halelujah-stemning under Thea Hjelmeland sin konsert på Bylarm og gir den terningkast 5.

Foto: Stian Sjursen Takle / NRK

Kan vere ein internasjonal sjanse

Bylarm har blitt ein viktig stad for etablerte norske artistar å syne seg fram for internasjonale bransjefolk. Då konserten starta var det 8-9 meldarar på plass i kyrkjebenkane.

–Eg er stolt av at dei kjem på konserten min. Men tida får vise kva det betyr for meg. I dag fokuserte eg berre på å gjere ein god konsert og treffe publikum. Men dersom det var nokon her i dag som ønskjer å jobbe med meg i utlandet så er jo det berre heilt fantastisk, seier Thea Hjelmeland.

Sterkt år for Thea

For henne har det siste året gjeve ho både Spellemannspris, Luttprisen og sterke meldingar for den siste plata «Feathery

LES OGSÅ: Thea fekk Spellemannsprisen
LES OGSÅ: Kritikarane jublar for Thea si nye plate
LES OGSÅ: Thea får Luttprisen
LES OGSÅ: Frå stor glede til djup sorg

–Men du kunne ikkje ønskja deg ein større arena der det var plass til alle?

–Jo, men her får eg vere heilt nær publikum, og med spennet i min musikk er dette ein perfekt stad, avsluttar ho i det ho går for avgarde for å feire Bylarm.

Laster Twitter-innhold
Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser