Hopp til innhold

Våge hoppa ut av brennande betongbil – er allereie tilbake i ny bil

– Det gjekk veldig fort. Allereie før eg fekk stogga stod flammane oppetter hytta, fortel Terje Våge (58) om branndramaet mellom Ålfoten og Svelgen.

Betongbil byrja å brenne

TOK FYR: Flammane hadde fått tak allereie før Terje Våge (58) fekk stogga betongbilen. – Når slikt skjer, så har det ikkje så stor betydning kvar du er. Då må du berre stogge køyretøyet. Heldigvis var det ikkje trafikk då det skjedde meg, seier han.

Foto: Privat

Den erfarne yrkessjåføren var på veg frå Nordfjord Betong utanfor Nordfjordeid til Svelgen med åtte kubikk sement då bilen byrja å brenne på fylkesveg 614.

Terje Våge hadde nett køyrt av ferja på Isane og var på veg opp bakkane mot Langevatn då han såg røyken sive ut under hytta.

Terje Våge

TILBAKE: Terje Våge (58) har vore yrkessjåfør sidan 1977. Berre timar etter brannen, var han tilbake i jobb – i ny bil.

Foto: Privat

– Det var berre å få stogga bilen og komme seg ut. Etter nokre sekund, og før eg fekk stogga, så stod flammane ut i bakkant av hytta, seier 58-åringen til NRK.no.

– Du leikar ikkje brann

Våge har vore yrkessjåfør sidan 1977 og har aldri sjølv opplevd liknande. Sløkkeapparatet hadde han med seg, men han fekk aldri anledning til å ta det i bruk.

– Før eg var komen rundt på andre sida var flammane allereie inne i hytta. Då tok eg ikkje sjansen på å gå inn att. Det er ulike tankar som kan eksplodere, så for å vere trygg trekte eg meg unna og stogga trafikken, fortel han.

– Du leikar ikkje med ein brann. Den utviklar seg veldig fort, seier han.

Varsla sjølv

Våge varsla sjølv om brannen og vart hjelpelaust vitne til at flammane slukte hytta og alt som var inni. Sjølv om hendinga sette ein liten støkk i 58-åringen, tykkjer han det var udramatisk.

(Artikkelen held fram under biletet)

Betongbil tok fyr

SEKUND: Det tok ikkje lang tid før hytta på betongbilen var overtent.

Foto: Privat

– Så lenge du bergar deg vekk frå det, så er det ikkje noko særskilt. Men brann utviklar seg ofte fort, og det handlar om å berge det du kan berge og å komme seg unna. Det er det viktigaste, seier han.

– Har du noko meining om kvar og kvifor brannen starta?

Betongbil fullstendig utbrend etter brann

UTBRENT: Betongbilen var fullstendig utbrent etter brannen.

Foto: Rune Ripe / NRK

– Nei, det er vanskeleg å konkludere med det. Bilen var så utbrent at det var ikkje mogleg å sjå og finne ut av, seier han.

Tilbake på jobb

Då NRK.no snakka med Våge, berre nokre timar etter brannen i Bremanger, var han allereie tilbake på basen ved Løkjaneset utanfor Nordfjordeid. Og i gang med arbeidet.

– Ein kan ikkje sitje å tenkje på at det kan skje igjen. Gjer du det, så kjem du ikkje langt. Eg er veldig glad eg kom meg heilskinna unna, så no set eg og ventar på nytt oppdrag.

– Og ny bil?

– Ja.