NRK Meny
Normal

Tente på huset for å døy av giftige gassar

Ein mann i trettiåra er dømd for å ha forsøkt å tenne på leilegheita der han bur. Han helte diesel over stovegolvet og tente på.

Mannen skal ha vore sterkt påverka av alkohol då han med diesel og papir prøvde å tenne på leilegheita. Forsøket var mislukka, og då han vakna og såg kva han hadde gjort ringde han huseigaren og sa "eg har gjort noko dumt".

Eigarane av huset budde i etasjen over den dømde, og retten legg særleg vekt på at det var fare for at dei kunne ha kome til skade om brannen hadde utvikla seg meir.

Mannen skal ha hatt store problem med alkohol, og fleire psykiske vanskar i lang tid, retten har likevel kome fram til at han var strafferettsleg tilrekneleg.

Ikkje første gong

Det er ikkje første gong vedkommande er dømd for å branntilløp. Også i 2009 gjorde han noko liknande, då han tende på eit hus der han budde i Førde sentrum.

Les også: Pågripen etter husbrann

Denne gongen skal målet med brannstiftinga ha vore å ta sitt eige livet. Mannen håpte at gassane ifrå brannen skulle kvele han medan han sov.

Første hybridferje er på plass på Anda-Lote