Hopp til innhold

Tente 700.000 som lærling

Det er god butikk å vere lærling om bord på ein fiskebåt. For 18 år gamle Øystein Færestrand tente nemleg 700.000 kroner fyrste året som fiskarlærling.

Han er ute med linebåten "Fjellmøy". Sidan januar har han berre hatt tre veker fri. Han likar seg på båten, og forstår ikkje kvifor det er så få som ønskjer å bli lærling innanfor faget.

- Det er litt rart. Eg tener bra, og jobben er variert, vi driv både med garn og line.

- Kjøper hus og bil

Lærlingar på landjorda må nøye seg med berre brøkdelen av løna Øystein har fått. Nils Myklebust eig båten Øystein er tilsett på. Han seier til Fjordenes Tidende at han slit med å forstå kvifor det er så vanskeleg å få tak i lærlingar til fiskebåtane.

- Ein grunn kan vere at det var lite pengar å tene frå 2002 til 2004, og at mange trur at det framleis er slik.

Og Øystein Færestrand har alt bestemt seg for kva han skal bruke den noko høge lærlingløna på.

- Det blir hus og bil, og så skal eg spare pengar til vidare utdanning.

- Usikker på framtida

Med den gode inntekta og den spennande jobben er Øystein litt usikker på kva han skal gjere i framtida.

- Eg har lurt litt på å bli marinbiolog,  men den gode inntekta gjer det freistande å bli på sjøen.