Hopp til innhold

Tente 45 000 kroner per minutt

Fotballspelarane Azar Karadas sikra seg gode inntekter, trass svært få speleminutt for tyrkiske Kasimpasa.

Azar Karadas

PÅ TOPP: Lommeboka til Azar Karadas merka ikkje mykje til at det vart så som så med speletid i tyrkisk toppfotball i fjor.

Foto: Hommedal, Marit / SCANPIX

Azar Karadas spelte, etter det NRK har funne ut, berre ein seriekamp for sin tyrkiske klubb i 2010. Til gjengjeld fekk han alle minutt på bana.

Med ei skattbar inntekt på over fire millionar kroner, gir det ei snittinntekt på 45 000 kroner minuttet for fotballspelaren.

Sunnfjording på andre

Alexander Ødegaard

TOPPEN: Alexander Ødegaard reiste i vinter frå eliteseriespel med Viking i Stavanger, til proffopphald hos franske Metz.

Foto: Hansen, Alf Ove / SCANPIX

Det plasserer 30-åringen desidert på inntektstoppen for idrettskjendisane frå Sogn og Fjordane. Meir enn tre gonger meir enn nestemann på lista, Alexander Ødegaard.

Sunnfjordingen som i fjor spelte fotball for Viking i Stavanger noterte seg, ifølgje skattelistene som vart sleppte i dag, for ei inntekt på 1,6 millionar kroner. Med sine 1 387 minutt med vikingtrøya i fjor, gir det eit snitt på 1 206 kroner for kvart spelte minutt.

Ein god nummer tre

Odd-Bjørn Hjelmeset i Holmenkollen

MILLIONEN: Odd-Bjørn Hjelmeset i sporet.

Foto: Solum, Stian Lysberg / SCANPIX

Spriken frå Ødegaard til «bronseplass» er på kring 400 000 kroner. Der finn ein glopparen og langrennsløparen Odd-Bjørn Hjelmeset (40). Han er tredje og siste idrettskjendis på vår liste som står med over millionen i skattbar inntekt.

I tillegg til å vere sponsorsjef i Terra, er Hjelmeset eineeigar av verksemda Trygg Leik, der kona Elisabet er administrerande direktør. Verksemda, som mellom anna driv med føredrag, skiskule og marknadsføring og sal av tenester innan sport og fritid, enda i fjor opp med eit driftsresultat på 1 279 000 kroner.

Suksess for Bø

Skiskyttarane Tarjei Bø og Ann Kristin Aafedt Flatland opplevde suksess i skisporet førre sesong.

Tarjei Bø jubler

JUBEL: Tarjei Bø jubla i skisporet i fjor.

Foto: Lien, Kyrre / Scanpix

Korleis bonusane slo ut på lommeboka ser ein truleg først på listene til neste år. Bø som enda opp med å vinne verdscupen samanlagt, enda opp på 10. plass på vår oversikt med ei inntekt på 588 000 kroner.

23-åringen rakk fleire pallplassar og sin aller første verdscupsiger nokon gong. Tidlegare på vinteren var han også med på det norske OL-gullet på stafetten.

Verdsmeister

Ann Kristin Flatland

ÅLEINE: Ann Kristin Flatland tente desidert mest av dei kvinnelege idrettskjendisane.

Foto: NRK

Bø vart også verdsmeister saman med Aafedt Flatland (29) og det norske mixed-laget på stafetten i Russland.

Sistnemnde, som nytta sesongen til å sikre sin første siger i verdscupen, enda med ei inntekt på nær 340 000 kroner.

Med det var ho også den kvinnelege idrettskjendisen som er notert med høgast skattbar inntekt.

Flo-suksess

Jostein Flo

NØGD: Jostein Flo frå Stryn har gjort drammensar av seg.

Foto: Mari Hvamb / NRK

Ein annan som hadde sportsleg suksess i fjor, er tidlegare landslagsspelar i fotball, Jostein Flo. Som sportsdirektør i Strømsgodset sikra stryningen cupmeisterskap til Drammen.

47-åringen kan heller ikkje klage over 2010 økonomisk med ei inntekt på 677 000 kroner, og plassen framfor fotballpresident Yngve Hallén på vår uoffisielle liste.

Idrettskjendisar inntektstopp

Namn

Alder

Rolle

Inntekt

Formue

Skatt

Kommune

Azar Karadas

30

Kasimpasa-spelar

4044661

0

0

Bergen

Alexander Ødegaard

31

Viking-spelar

1668757

0

680409

Stavanger

Odd Bjørn Hjelmeset

40

Langrennsløpar

1241227

1947179

459247

Nittedal

Børre Steenslid

26

Viking-spelar

968204

0

415731

Stavanger

Harald Aabrekk

55

Sogndal-trenar

802090

0

367348

Bergen

Peter Orry Larsen

22

Aalesund-spelar

795054

0

329503

Ålesund

Jostein Flo

47

Strømsgodset-direktør

677667

0

259617

Røyken

Yngve Hallén

43

Fotballpresident

675049

0

275881

Sogndal

Rune Bolseth

31

Hønefoss-spelar

670883

0

274306

Sogndal

Tarjei Bø

23

Skiskyttar

588389

127054

218398

Stryn

Tommy Skjerven

44

Fotballdommar

532180

237561

207982

Sogndal

Morten Aa Djupvik

36

Tidlegare landslagstrenar i langrenn

494745

0

185058

Oslo

Roar Hjelmeset

34

Landslagstrenar i langrenn

477736

0

174325

Bykle

Erik Sandal

28

Hødd-spelar

449558

309881

157822

Vågsøy

Frank Roger Kalstad

45

Trenar Førde VBK

417916

0

158859

Førde

Ann Kristin Aafedt Flatland

29

Skiskyttar

339987

1253023

77116

Gjesdal

Thor Erik Nygård

28

Førde-spelar

288555

0

102531

Eid

Håvard Flo

41

Assistenttrenar Sogndal

264868

0

100651

Sogndal

Knut Erik Folland

39

Førdetrenar

249587

0

93736

Gaular

Eivind Stavang

19

Friidrettsutøvar

244740

0

79003

Bergen

Terje Skjeldestad

33

Assistenttrenar Sogndal

233832

0

98371

Sogndal

Elise Thorsnes

23

Røa-spelar

211205

0

67798

Leikanger

Kristin Felde

37

Administrasjonssjef Olympiatoppen

165230

328002

56226

Gloppen

Trond Fylling

49

Sportsleg leiar Sogndal

162834

0

78051

Sogndal

Thor Jørgen Spurken

24

Førde-spelar

124367

138841

33549

Førde

Kine Kvalsvik

24

Røa-spelar

96292

0

26132

Luster

Kim Tangedal

28

Førde-spelar

47560

0

21525

Førde

Siri Nordeide Grønli

27

Stabæk-spelar

29480

0

712

Høyanger

Vebjørn Varlid

21

Vektløftar

27586

0

245

Førde

Christoffer Hafsås

19

Førde-spelar

21553

148756

0

Eid

Anders Fannemel

20

Skihoppar

6092

152265

0

Hornindal

Trude Raad

21

Friidrett

2689

0

0

Gloppen

Inger Anne Frøysedal

22

Friidrettsutøvar

1089

8073

0

Stryn

Øyvind Strømmen Kjerpeseth

20

Friidrettsutøvar

643

40682

0

Flora

Gøran Wigum

20

Kongsvinger-spelar

22

3428

0

Sogndal

Roger Aa Djupvik

30

Langrenn

0

74242

99

Lillehammer

Ronny Hafsås

26

Skiskyttar

0

158917

0

Trondheim

Geir Eithun

32

Volleyball

0

136132

0

Førde

Sander Smørdal

26

Symjar

0

0

0

Eid

Frode Grodås

47

Landslagstrenar keeper

0

1702535

80606

Lørenskog

Ekspander/minimer faktaboks