NRK Meny
Normal

Teniste likevel til Sogndal

Sogndal Fotball og estiske Levadia Tallinn er enige om ein overgang for backen Taijo Tensite. Sogndal skal låne han ut sesongen og har opsjon på kjøp.

Trond Fylling

FULL FART: Sportsleg leiar i Sogndal, Trond Fylling, hastar no til Oslo for å få registrert overgangen før det er for seint.

Foto: Rune Fossum / NRK

- No må eg kome meg til Oslo fort, og så får vi sjå om vi rekk å få ordna overgangen til Taijo Teniste, seier sportsleg leiar i Sogndal Fotball, Trond Fylling.

Han reiser sjølv til Oslo med kontraktspapira for å få dei registrert hjå fotballforbundet før den internasjonale fristen for å signere spelarar går ut ved midnatt.

Siste frist

Overgangar som ikkje bli registrert i dag blir ikkje godkjende før i januar.
Seinast tysdag kveld avviste Fylling at det ville bli nokon overgang, fordi klubben til Teniste kravde meir pengar enn Sogndal kunne betale.

Seinare på kvelden kom det likevel ei vending.

- Vi laga saka død, men det er no ofte slik at når det tek til å nærme seg deadline dukkar det opp nye sjansar. Klubben der nede har gått med på det vi tilbydde for å låne han i dei månadene som er att av sesongen.

Dyrt bomkjøp i Estland


Sist Sogndal handla spelarar i Estland gjorde dei eitt av klubben sine dyraste feilkjøp nokon sinne. Midtstopparen Karl Palatu kom for ein svært høg kjøpesum etter Sogndal sin målestokk i desember 2006.

Palatu si Sogndal-karriere enda med at han vart kjøpt ut av kontrakten utan å ha spelt eit einaste minutt førstelagsfotball. Fylling forsikrar at dei ikkje tek ein like stor risiko denne gongen.

- Nei, men vi har også ein opsjon på kjøp. Slik vi gjorde det no gjekk lånesummen ned og kjøpssummen opp. Men då får han desse månadene til å vise om han er verdt pengane dei forlangar, seier Fylling - som for ordens skuld ikkje var involvert i Palatu-overgangen.

Tynt på backane

Sogndal har omskulert venstreback Per Egil Flo til midstoppar, slik at Barry Kader, Vegard Gjermundstad og Henrik Furebotn alle har måtta vikariere i ein for dei uvant posisjon.

Dekninga bak høgreback Mats Solheim er heller ikkje god. Teniste er den einaste spelaren på Estland sitt landslag som framleis spelar i heimlandet.

- Han er landslagsspelar og har det nivået inne. Men vi veit ikkje om vi har bruk for han neste år og difor er det viktig at vi får han på eit lån og ikkje knyter oss opp til at vi må kjøpe han, seier Fylling.

Ferdige med å handle

I tillegg til Teniste har Sogndal sikra seg Tonny Brocmann frå Horsens, Ruben Holsæter frå Førde og 16-åringane Peter og Stefan Aase den siste tida.

Dei to sistnemnde skal spele for Florø ut sesongen.

Fylling avviser at det er andre spelarar på veg inn til Sogndal i dette overgangsvindauget.

Vegopning på Bergum i Førde kommune