Tener godt, men lakselusa tærer på oppdrettsmillionane

Tre fiskeoppdrettarar i Sogn og Fjordane hadde til saman eit overskot på nær 300 millionar kroner i fjor.

Ola Braanaas

KAN SMILE: Selskapet til Ola Braanaas tente godt i fjor, trass i store utgifter til kamp mot lakselus.

Foto: Rune Fossum / NRK

Trass utestenging frå den russiske marknaden auka både produksjonen og verdien av norsk oppdrettsfisk i fjor.

Oppdrettar Ola Braanaas i Gulen omsette for 569 millionar kroner i Firda Eiendom, men utfordringar med lakselus gjorde at fjoråret ikkje vart optimalt.

– Isolert sett var det veldig bra, ein skal ikkje klage, men det hadde vore mogeleg å gjere det betre.

30-40 millionar til kamp mot lusa

Braanaas meiner at både omsetnad og resultat i 2014 kunne vore betydeleg betre. Men store utfordringar med lakselus, amøber og eit Russland som stengde dørene for norsk fisk sette ei bremse på innteninga til oppdrettaren i Gulen. Kampen mot lusa kostar.

– Det er betydelege summar. Med arbeidsinnsatsen utgjer det sikkert 30 til 40 millionar kroner for vår del.

Erik Osland

GODT NØGD: Erik Osland i Osland Havbruk.

Foto: Privat

Resultatet til morselskapet Firda Eiendom enda før skatt på 136 millionar kroner, ein nedgang på 55 millionar kroner frå året før. Men trass utgifter til lus og tap av marknaden i Russland - verdien av norsk fisk har aldri vore større.

– Ei god vare

– Vi er veldig godt nøgde med resultatet vi har i 2014, seier leiar Erik Osland i Osland Havbruk på sørsida i Høyanger. Verksemda med 28 tilsette omsette i fjor for 265 millionar kroner, ein kraftig auke frå året før.

– I all hovudsak er årsaka at marknaden etterspør ei god vare. I tillegg produserer vi for lite, dermed blir prisen god, og vi får god margin på det vi sel.

Resultatet for Osland Havbruk enda på 83 millionar kroner før skatt. Erik Osland seier dei ikkje hadde store problem med lakselus i fjor, men utgiftene aukar like fullt. Og Osland har tru på at dei skal få bukt med lusa.

– Det skjer mykje på forsking og rundt om på anlegga, så eg trur det blir ein bra situasjon om nokre år. Difor er det viktig at vi har god inntening på det vi driv med, slik at vi kan vere med og løyse dei utfordringane vi alltid vil ha.

Osland Havbruk i Bjordal

TENTE 83 MILLIONAR: Osland Havbruk sitt anlegg i Bjordal.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Tapte på aure som skulle til Russland

Også Steinvik Fiskefarm, som har produksjon i Flora og Askvoll, tente millionar i fjor. Trass ein nedgang i inntektene til 331 millionar, enda resultatet før skatt på 79 millionar kroner. Også det ein nedgang frå 2013, då overskotet var på 99 millionar. Selskapet har 21 tilsette.

Dagleg leiar Alex Vassbotten seier til NRK at nedgangen i inntektene skuldast tapet av den russiske marknaden. Dei hadde store mengder aure som var tiltenkt Russland.


– Vi hadde også ein vesentleg kostnad med å bekjempe lakselusa, seier Vassbotten.

Steinvik Fiskefarm

TENTE 79 MILLIONAR: Steinvik Fiskefarm sitt anlegg i Høydalsfjorden i Flora.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Redaktør Aslak Berge i nettstaden Ilaks oppsummerer fjoråret slik:

– Innteninga er særs god.

Berge viser til ein auka etterspurnad etter laks, noko som viser tydeleg att på prislappen. Vi må tilbake til starten av 90-talet for å finne liknande lakseprisar som i fjor. Men samstundes har kostnadane til lakseoppdrettarane auka, understrekar Berge.

– Fôret er blitt ein god del dyrare, og utgiftene til kampen mot sjukdom og særleg lakselus har vore med på å tynne ut marginane.

– Det tuslar og går

Tilbake i Gulen seier Ola Braanaas dette om første halvår i år:

– Det går greitt det, det tuslar og går.

Den kalde sommaren kan vere med på å auke prisane på laks og aure, seier han.

– Produksjonen er på veg ned fordi fisken veks saktare, og det kan tyde på at det blir for lite fisk i marknaden i andre halvår. Det borgar for at prisene skal bli gode mot nyttår.

Og seinast denne veka steig eksportprisen for fersk laks til 44,81 kroner kiloen. Første halvår av 2015 er tidenes beste for norsk sjømateksport. I fjor eksportere Norge sjømat for 68,8 milliardar kroner, ifølgje Norges sjømatråd. Det var ein auke på 12 % frå 2013.

Regjeringa vil ha større konkurranse i landbruket, men bøndene på Vestlandet er skeptiske.
Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.