NRK Meny
Normal

Tener gode pengar på cruiseturistar I Briksdalen

Cruisetrafikken har fått mykje kritikk i det siste, men enkelte tener godt på dei hundretusenvis av reisande som kjem med cruisebåt til Sogn og Fjordane.

Briksdalsbre Fjellstove

REKORD: Briksdalsbre Fjellstove tener gode pengar på cruiseturistane som vil oppleve breen

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Cruisenæringa er viktig for oss i Briksdalen, den gjev oss arbeidsplassar og overrislingseffekt for mange leverandørar, fortel eigaren av Briksdalsbre Fjellstove, Per Briksdal.

Han er ein av truleg fleire som gler seg over cruiseturistane som strøymer til området. I fjor var kring 300 000 menneske opp til breen, ifølgje Reisemål Stryn og Nordfjord. Det gav fjellstova ein omsetnadsrekord, med 17,2 millionar kroner. Overskotet kom på ein million, for fjellstova som tilbyr mat, overnatting og suvenirar.

– Vi er greitt nøgde med det, og har hatt ei rimeleg bra utvikling, seier Briksdal.

Med nær 300 000 besøkjande, er det slettes ikkje berre cruisepassasjerar frå Olden som kjem til fjellstova, som ligg heilt opp under breen. Også passasjerar frå cruiseskip i Hellesylt og Geiranger er ei viktig kundegruppe.

Turistar ved Bøyabreen

FREISTAR: Breen er eksotisk for mange utanlandske turistar, og fleire av dei legg også igjen pengar hjå verksemder i Briksdalen og området rundt.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Delt syn på turistnæringa i fylket

Denne sommaren har debatten om cruisenæringa rasa, spesielt i Flåm. Der kjem om lag 250 000 cruisepassasjerar til bygda årleg, noko ikkje alle set like stor pris på.

I Nordfjord kjem legg cruiseskipa til kai i Olden, og i 2013 sette dei ny rekord med 139 000 cruiseturistar. Dette året har trafikken gått noko ned, og talet er nede i 95 000. Briksdal trur uansett ikkje talet på cruisepassasjerar er noko stort problem i området.

– Det kan vere dagar det er tett på bussplassen, men når dei kjem seg ut i terrenget og opp mot breen, så blir dei spreidde over eit større område og det har fungert bra, meiner Briksdal.