NRK Meny
Normal

Tener gode pengar trass låge aluminiumsprisar

Hydro-fabrikkane i Sogn har eit samla resultat før skatt og renter på 139 millionar kroner i andre kvartal. I Årdal har to straumutfall prega produksjonen ved fabrikken.

Hydro - ny omnsteknologi

NORMALDRIFT: Fabrikken i Årdal er no nesten tilbake til normaldrift etter straumstansane tidlegare i år.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Årdal Metallverk hadde ved utgangen av andre kvartal i år eit overskot på 118 millionar kroner før renter og skatt. Halvårsresultatet er på 138 millionar kroner. Noko som viser at andre kvartal har gått betre enn første.

– Resultatet andre kvartal er prega av høgare sal, lågare kostnadar og i tillegg har vi fått forsikringsoppgjer for dei kostnadane vi har hatt knytt til straumutfallet vi hadde tidlegare i år, fortel fabrikksjef i Årdal, Wenche Eldegard.

Ho tok over som fabrikksjef i Årdal i mai i år etter å ha hatt same stilling i fire år ved fabrikken i Høyanger.

I Høyanger var overskotet på 42 millionar kroner i første halvår, i andre kvartal var det på 21 millionar.

Begge fabrikkane i Sogn har langt dårlegare resultat i år enn i fjor. Årsaka er lågare aluminiumsprisar.

Tøffe prøver

Wenche Eldegard

KREVJANDE HALVÅR: Fabrikksjef i Årdal, Wenche Eldegard, seier dei i dag nesten er tilbake til normaldrift.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Straumutfalla har sett organisasjonen på tøffe prøver det siste halve året.

I januar mista fabrikken i Øvre Årdal straumen i samband med uvêret Tor og om lag ti prosent av produksjonskapasiteten måtte stengast ned. Fabrikken blei på ny ramma av eit straumutfall den 15. juni og seks celler måtte koplast ut.

– Det er klart at det er krevjande å ha to straumutfall på så kort tid. Så det har vore mykje arbeid å få stabilisert det, men organisasjonen har gjort ein fantastisk jobb. Det er godt å sjå at vi har så mykje kompetanse på desse utfordringane, seier Eldegard.

Per i dag er dei tilnærma tilbake til normaldrift. Det er framleis er det fire celler som er ute, men dei skal vere tilbake i løpet av den neste månaden, forsikrar Eldegard.

– No gjeld det å gire om å jobbe framover og få tilbake produksjonsstabiliteten. Det har gått over all forventning så langt.

Ho fortel også at gjengen på karbon sette produksjonsrekord andre kvartal.

Korleis ser resten av året ut?

– Det er vanskeleg å spå om framtida, men så langt som vi ser, så ser marknaden bra ut. Så eg er optimist med tanke på andre halvår, seier fabrikksjefen.

Video EU-miljøavgift truer Hydro sine aluminiumsverk
Foto: Nyhetsspiller

– Eit greitt resultat

100-åringen i Høyanger leverer eit resultat andre kvartal som er tilsvarande det første på 21 millionar. Den ferske fabrikksjefen i Høyanger, Stian Tangen er nøgd med resultatet.

– Det er eit greitt resultat med tanke på marknadssituasjonen vi er i. Aluminiumsprisen er framleis låg og krona er svak. Hydro Høyanger er kjent for å vere ein kvalitetsleverandør av valseblokker, ein har produsert aluminium stabilt i mange år og vi prøver heile tida å forbetre oss. Det gjer at vi klarar å levere eit godt resultat trass ein aluminiumsmarknad med låge prisar, seier Tangen.

Hydro Høyanger Metallverk sett frå Høgebakkane

HØYANGER: Fabrikken i Høyanger leverte eit overskot på 21 millionar andre kvartal.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.