Hopp til innhold

Tener feitt på asylsøkjarar

Norsk Mottaksdrift som planlegg to nye asylmottak i Sogn og Fjordane, har dei siste fem åra tent 46 millionar kroner.

Per Erik Lykstad i Norsk Mottaksdrift

LUKRATIVT: Per Erik Lykstad i Norsk Mottaksdrift tener gode pengar på asylsøkjarane. Her prøvar han å få Jølster kommunestyre til å forstå at kommunen vil tene pengar dersom det blir oppretta asylmottak på Skei.

Foto: Bård Siem / NRK

Den daglege leiaren i selskapet tente i fjor 2,9 millionar kroner.

– For å seie det slik, så søv eg godt om natta sjølv om vi tener pengar. Dette fordi vi gjev eit veldig godt tilbod til bebuarane våre, seier Per Erik Lykstad som er dagleg leiar i Norsk Mottaksdrift.

Tidlegare i veka møtte han kommunepolitikarane i Jølster for å informere om det planlagde asylmottaket for 25 einslege mindreårige på Skei.

For å seie det slik, så søv eg godt om natta sjølv om vi tener gode pengar.

Per Erik Lykstad

Økonomisk lukrativt

Lykstad brukte ein god del av tida på å argumentere for at asylmottaket vil bli økonomisk lønsamt for Jølster kommune. Han sa derimot lite om kor lukrative asylmottaka er for han sjølv.

– Vi har eit firma som går bra, men samtidig er vi utsett for veldig stor risiko, seier Lykstad.

Tok ut utbyte på 8 millionar

Dei siste fem åra er Norsk Mottaksdrift sitt samla driftsoverskot på 46 millionar kroner. I 2009 vart det teke ut eit utbyte på åtte millionar kroner.

Lykstad, som eig halvparten av Norsk Mottaksdrift, tok i fjor ut ei løn på ein million kroner frå selskapet. Den samla inntekta hans var i fjor på 2,9 millionar. Lykstad vil ikkje kommentere si eiga løn, men vedgår at Norsk Mottaksdrift går godt.

Uroa over kvaliteten

Rådgjevar Jon Ole Martinsen i Norsk organisasjon for asylsøkjarar, NOAS, fortel at det er hard konkurranse i marknaden om å vinne anboda for å kunne drive asylmottak. Han meiner dette kan gå ut over kvaliteten på asylmottaka.

– Det vi har sett er at det er hard konkurranse om lågast mogleg pris for tenestene som blir ytt til asylsøkjarane. Dei aller fleste mottak går med gode overskot, og når prisen på tilbodet går ned, må ein skjere ned på tilbodet til asylsøkjarane. Dette likar vi ikkje, seier han.

Jan Ole Martinsen

SKEPTISK: Jan Ole Martinsen i NOAS likar ikkje at private aktørar tener store summar på å drive asylmottak. Han meiner pengane heller burde gått til å forbetre kvaliteten på mottaka.

Foto: NRK

Driv fleire asylmottak

Forutan Lykstad er Østen Owren og Bjønne Owren medeigarar i Norsk Mottaksdrift. Selskapet har hovudkontor på Lillehammer og driv i dag asylmottak på Toten, Dovre, Sør Elvdal, Ringebu og Lunner.

Høyanger og Skei

Ideelle organisasjonar og kommunar har større fokus på kvalitet på asylmottaka.

Jan Ole Martinsen

15. november blir det opna eit nytt mottak i Høyanger, og går det som Lykstad ønskjer, blir det i januar neste år opna mottak på Skei i Jølster. På spørsmål om det ikkje hadde vore ein ide å bruke meir av overskotet frå asylmottaka til å betre tilhøva for asylsøkjarane, svarer Lykstad følgjande:

– Vi brukar alt vi kan på aktivitetar for bebuarar og tilsette. Når det då blir igjen eit overskot, er vi sjølvsagt glade for det, seier han.

– Men er det rett at privatpersonar skal tene gode pengar på asylsøkjarar?

– Absolutt. Så lenge tilbodet vi tilbyr tilfredsstiller krava som blir stilte.

Ønskjer ideelle organisasjonar

Martinsen i Noas skulle ønskje at ideelle organisasjonar kunne drive fleire norske asylmottak.

– Vi har sett at ideelle organisasjonar og kommunar som driv asylmottak har større fokus på kvalitet. Dei tilbyr asylsøkjarane ein meir meiningsfull kvardag enn det private aktørar gjer. Til meir meiningsfull kvardag bebuarane på mottaka har, til lettare blir dei integrerte i samfunnet. I samfunnsøkonomisk perspektiv er dette sjølvsagt svært positivt, seier han.

Vil ikkje stille til intervju

Den politiske leiinga i Justisdepartementet som er styrt av Framstegspartiet vil ikkje stille til intervju og svare på spørsmål om det er greitt at store offentlege summar hamnar i lommene på norske aktørar som driv asylmottaka.

I ein epost til NRK blir det derimot påpeika at Utlendingsdirektoratet lyser ut drift av asylmottak gjennom offentlege anbodskonkurransar.

Kriteria UDI legg vekt på er økonomi, innhald i drifta, innkvarteringstilbod og tryggleik. Det blir også vist til at UDI fører tilsyn med mottaka, for å sikre at dei innfrir krava som blir stilte.

Har godt samvit

Lykstad likar dagens anbodsordning.

– Før var det berre ein aktør som driv mottaka, noko som var ei mykje dyrare løysing med vesentleg dårlegare kvalitet. At vi tener ein del pengar på dette har eg difor ikkje dårleg samvit for, seier han.