Hopp til innhold

Tener feitt på å rekruttere legar

Det omstridde danske vikarbyrået NordVik har tent 28 millionar danske kroner på å formidle utanlandske legar til Norge.

Karsten Ramløv Svendsen

TENER MYKJE: Styreleiar i selskapet, Karsten Ramløv Svendsen, vedgår at dei har tent gode pengar.

Foto: Transmedica

Det viser rekneskapstala for selskapet for dei siste ti år. I toppåret 2010 tok eigarane bak selskapet ut 17 millionar danske kroner i utbyte. Styreleiar i selskapet, Karsten Ramløv Svendsen, vedgår at dei har tent gode pengar.

– Vi er tilfredse med innteninga. Det er også årsaka til at vi kjøpte selskapet, seier Ramløv Svendsen.

Kritikkverdige forhold

Legevikarbyrået NordVik, som årleg rekrutterer mellom 300 og 500 utanlandske legar til Norge, har vore mykje i søkjelyset den siste tida etter at det vart kjent at fleire av legane ikkje har fungert godt nok i jobbane sine.

Mellom anna er tre legar under gransking frå Statens helsetilsyn for svært kritikkverdige forhold medan dei jobba ved Nordfjord Legevakt i Sogn og Fjordane.

Eg synest innteninga vi har hatt er rimeleg i høve alt arbeidet som blir lagt ned

Karsten Ramløv Svendsen

Meiner dei fortener god inntening

Styreleiar Ramløv Svendsen beklagar sterkt at nokre av legane dei har rekruttert ikkje har fungert skikkeleg. Samtidig er han fornøgd med overskotet på 28 millionar danske kroner dei siste ti åra. Han meiner dei fortener god inntening.

– Eg synest innteninga vi har hatt er rimeleg i høve alt arbeidet som blir lagt ned. Det er eit kjempearbeid som blir gjort, men vi er tilfredse, seier han.

Diskuterer Ebola med amerikanere:

DYRT: Kommunane må tenkje nøye gjennom om dei vil bruke vikarbyrå for å rekruttere legar, seier helseminister Bent Høie.

Ber kommunane tenkje seg om

Helseminister Bent Høie (H) meiner kommunane må vurdere nøye om det kostar meir enn det smakar å bruke av vikarbyrå for å få tak i kvalifiserte legar.

– Dersom vikarbyråa tener for mykje pengar, har dei norske kommunane betalt for mykje for tenestene dei får. Kommunane må tenkje nøye igjennom på kva måte dei får best mogleg helsetenester for midlane dei har til rådvelde, seier Høie.

Jenny Følling

SKEPTISK: Kommunane bør så langt som mogleg unngå å bruke vikarbyrå, seier KS-leiar Jenny Følling.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

KS-leiar åtvarar

Jenny Følling, KS-leiar i Sogn og Fjordane, ber kommunane bruke vikarbyrå så lite som mogleg.

–Byråa skal tene sine pengar og det blir ofte dyrt for kommunane. Dersom dei i tillegg ikkje greier å levere gode nok tenester er det ille, seier ho.