Hopp til innhold

- Kan gå konkurs innan to år

Thor Tenden Transport i Stryn vil vere konkurs innan to år dersom dagens ordning med stenging av Strynefjellsvegen held fram, seier dagleg leiar Rolf Olav Tenden.

Rolf Olav Tenden
Foto: Thor Tenden Transport

– Framlegget til Nasjonal Transportplan kom som eit sjokk, akkurat no er eg langt nede, seier Tenden til Fjordingen .

Han seier det er transportnæringa som må betale heile rekninga for det som skjer.

– Kundane vil ikkje betale tillegg for varer som ikkje kjem fram i tide, dei betalar ikkje timeløn til sjåførar som sit og ventar.

Thor Tenden Transport AS har 26 eigne køyretøy, i tillegg leiger dei inn 10 andre, firmaet har 40 tilsette og omset for 80 millionar kroner i året. I gjennomsnitt har firmaet 30 passeringar av Strynefjellet kvar dag.

LES OGSÅ: - Småpengar til Strynefjellet

LES OGSÅ: Vil ha 60-sone gjennom strynefjellstunellane

Trailer Thor Tenden Transport

MÅ VENTE MYKJE: Vogntoga til Tenden får mange timars å vente på Strynefjellet.

Foto: NRK

– Bør byggje ny tunnel

Rolf Olav Tenden seier at det arbeidet som i dag er i gang i dei tre tunnelane på Strynefjellet er nødvendig, og at dei skal greie å leve med det fram til dette arbeidet er avslutta, truleg til hausten.

Men dersom vegvesenet set i gang med å strosse ut tunnelane, eit arbeid som kan ta fleire år, og det blir stengingar som no, vil det få alvorlege fylgjer.

– I staden for å strosse ut dei eksisterande tunnelane bør dei byggje ein ny lang tunnel, seier Rolf Olav Tenden.

Thor Tenden Transport har i tillegg mist mange sjåførar som bur på austsida av fjellet sidan Statens vegvesen tok til med arbeidet i tunnelane på Strynefjellet og stengde vegen i lange periodar.

– Dei ser seg ikkje syn med ein usikker pendleveg og all ventinga, seier Rolf Olav Tenden.

Han seier dei så godt som råd er prøver å sikte seg inn på dei tre passeringane som er pr dag, men at det uansett blir ventetid.

– Seks år med venting er utenkjeleg

Og no håpar Tenden at politikarane har eit anna syn på transportplanen enn det vegvesenet har. For i deira plan er det ikkje sett av rassikringsmidlar til Strynefjellet før i 2018.

– Seks års ventetid på rassikring er utenkjeleg. Då er det kroken på døra, ikkje berre for vårt firma, men for mange andre. Eg håpar politikarane ser alvoret, for dette er ikkje skremsel, det er fullt alvor, seier Rolf Olav Tenden til avisa Fjordingen.

Tunnel

FLASKEHALS: Dei tronge tunnelane på Strynefjellet må utvidast, og det arbeidet fører til mykje stenging.

Foto: Arne Stubhaug / NRK