Hopp til innhold

Tende primusen i busskuret

GAULAR (NRK): I mangel på tørre plassar til camping og rast finn turistane kreative løysingar.

Kaffi i busstoppet

TØRT: Obs varsel langs kysten vart til pøsregn i innlandet, men i dette busskuret har det sjeldan vore lunare.

Foto: Åsta Urdal / NRK

Nederlandske Tim Vermulst og Leonie Tielemans har stappa bilen full og reist på ferie til Norge, for andre gong. Inne i sin vesle Suzuki Swift har dei det meste dei treng, berre ikkje plass til å koke kaffi.

Dermed vart eit gamalt busskur ved fylkesveg 13 løysinga for 27-åringane.

Nederlandsk par drikk kaffi i busskur

SOMMARFERIE: 27 år gamle Tim Vermulst og Leonie Tielemans synest Norge er heilt fantastisk, berre litt vått.

Foto: Åsta Urdal / NRK

– Vi måtte berre ha ein tørr plass, seier Tielemans. Ho har kledd seg i boblejakke og grove sko for å ete lunsj i Viksdalen denne sommardagen.

Kaffibrygg

Bilen har ho rygga inn i skuret. Bagasjeluka står på vidt gap. Kjærasten Vermulst har sett på plass respatexboret og plassert seg sjølv på benken som stod og venta i skuret. I handa har ei lita handkvern; ikkje noko pulverkaffi her i bilen/busskuret/garden.

– Vi skal vere her til slutten av månaden, og kom til Bergen med ferje for tre dagar sidan. No føl vi berre instinkta på veg opp mot Trondheim, seier Tielemans.

– I fjor reiste vi til Tibet, men vi sakna campinga her i Norge. Kokinga av kaffi om morgonen ... og regnet, ler Vermulst ironisk.

Våt camping

Dei to kan bekrefte at det har regna heile natta dei tre siste nettene; teltet ligg kliss blautt og samanpakka i bilen. Etter opplysningar om vêrmeldingane vurderer dei to om dei skal leige seg ei lita hytte. Dei skal i alle fall ikkje legge seg til i busskuret, sjølv om det er ei stund sidan siste rutebuss gjekk forbi her.

Piknik i busskuret

KJØKKEN: Ikkje noko manglar når det nederlandske paret pakkar ut til piknik. Tielemans drikk indisk, kvit darjiling te, medan Vermulst kvernar sine eigne kaffibøner.

Foto: Åsta Urdal / NRK

– Regnar det alltid så mykje her? spør Vermulst NRK sin utsende før han løfter den pipande tekanna av primusen. Til trass for det sure vêret er det nederlendarane blide som sola.

Ved kysten er det meld OBS-varsel, gradestokken kryp ned mot 10, det regnar kattar og det er framleis skuleferie.

– Dette har vel vore litt over normalen dårleg ver denne sommaren, vedgår NRK-journalisten, før ho får ein varm piknikkopp i handa, fylt av nytrakta kaffi og sympati.