Dette skjedde i påske og politiet har få spor å gå etter, skriv Fjordingen.
Både politi og skulen ser alvorleg på det som har skjedd. Ved det eine tilfelle blei det tent bål oppå eit bord som stod under takoverbygget ved inngangsdøra.
– Dersom det viser seg at elevar ved skulen står bak, har både skulen og foreldra ei oppgåve framføre seg, seier rektor Reidar Bruland.
Skulen har tidlegare opplevde hærverk. Før jul blei det fylt lim i låssylindrane til to dører. Det er ikkje kjend kven som stod bak dette.