Hopp til innhold

Tende lys for Ida og Wahid

MÅLØY (NRK): Elevane ved Måløy vidaregåande skule var i dag samla i sorga over tapet av medelevane Wahid Babaie (19) og Ida Tahooni Kivi (18).

Elevane hadde minnestund i Måløy i dag for elevane som omkom i bilulukka i helga.

MARKERTE MED LYS: Elevrådsleiar Margrete Kvalheim tenner eit lys til minne om Wahid Babaie og Ida Tahooni Kivi. Sjå TV-innslaget frå Vestlandsrevyen.

– Det var ei sterk oppleving, seier elevrådsleiar Margrete Kvalheim, som var ein av dei som morgontimane måndag tende lys til minne om medelevane.

Etter tips frå publikum vart bilen til ungdomane lokalisert fredag kveld ved Røyrneset i Selje kommune. Bilen låg på ni meter djupn, og dei døde blei funne i bilvraket.

– Det har vore ei spesiell helg. Eg trur det var godt for klassekameratane å kome i lag, seier ein tydeleg prega elevrådsleiar.

Tung dag for medelevane

Både Wahid og Ida var frå Florø, men gjekk i kvar sin klasse på Måløy vidaregåande. Etter samlinga i dag tidleg starta den vanlege undervisninga opp att, men rektor Karl Ottar Rundereim seier at minna vil leve vidare.

Rektor Karl Ottar Rundereim

PREGA: Rektor Karl Ottar Rundereim ved Måløy vidaregåande skule.

Foto: Steinar Lote / NRK

– Elevane er prega og sorgtunge, særleg dei som var klassekameratar av desse to elevane. Det var elevane sjølve som hadde skrive minneordet som blei framført i dag, seier Rundereim.

Las sjølvskrivne minneord

No legg skulen til rette for at dei som ønskjer det får den tida dei treng til arbeide med sorga og kjenslene etter den djupt tragiske ulukka.

–Eg kjende ikkje elevane veldig godt sjølv, men eg har berre høyrt positiv omtale om dei. Det var to flotte ungdommar som vi no har mista.

Det var klassekameratane til dei to omkomne som sjølv hadde skrive minneorda som blei framført måndag morgon.

Minnestund for Ida Tahooni Kivi og Wahid Babaie

BLEI MINNA: Wahid Babaie (19) og Ida Tahooni Kivi (18).

Foto: Rune Fossum / NRK
To personar er stadfesta omkomne etter ei utforkøyring ved Røyrvikneset i Selje.

FANN BILEN: Wahid Babaie (19) og Ida Tahooni Kivi (18) omkom i ei utforkøyring i Selje.