Hopp til innhold

Tenåringsjenter stogga utan lappen

Tenåringsjenta bak rattet mangla førarkort. Det gjorde også tenåringsjenta i passasjersetet. No blir begge meldt til politiet.

Det var i 0230-tida at personbilen med dei to jentene i slutten av tenåra vart stogga i Flora. Bilen høyrde til foreldra til ei av jentene.

Men utan førarkort var det ingen av jentene som hadde lov til å køyre bilen. Jenta i passasjersetet var den som i politiet sin terminologi hadde råderett over køyretøyet.

Også ho kan vente seg eit oppgjer med politiet.

– Ho pliktar å forsikre seg om at den som ho let bruke motorvogna, fyller vilkåra for å føre den, opplyser politiet på loggen sin.