NRK Meny
Normal

Tenåringsjente påkøyrd i Stryn

Ei tenåringsjente er køyrd til sjukehus på Nordfjordeid etter ei påkøyrsle i Stryn.

Påkøyrsle i Stryn

PÅKØYRSLE: Ei ung jente er sendt til sjukehus i Eid etter påkøyrsla i Stryn.

Foto: Roger Vik

Jenta kom på sykkel og kryssa gangfeltet i bankkrysset då ho vart påkøyrd av ein bil.

Ulukka vart meldt klokka 0847. Politi og ambulanse rykte ut til staden. Jenta er i følgje politiet lettare skadd. Politiet opplyser at staden er oversiktleg.

– Slik det ser ut no, så har syklisten sykla over fotgjengarovergangen. Førebels er det ikkje tale om førarkortbeslag, men dette er ei sak vi må etterforske vidare, seier Vidar Stavik ved Stryn lensmannskontor.

Ulukka er den andre denne veka der ein syklist og bil støyter saman i eit overgangsfelt. Måndag vart ein gut i slutten av tenåra skadd då han sykla i ein bil på Nordfjordeid.

Dersom bilane skal ha vikeplikt for ein syklist i gangfelt, så må syklisten gå av sykkelen.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.