Tenåringar svindla for fleire titusen på nett frå guterommet

Kredittkortinformasjonen din kan bli til sals på russiske nettsider. Slike svindlar blir stadig meir vanleg, seier Finansnorge.

Netthandel

NETTSVINDEL: Gutegjeng kjøpte kredittkortopplysningar på russisk nettside, som dei brukte til nettsvindel.

Foto: Illustrasjonsfoto: Colourbox

Tenåringsgjengen frå Nordfjordeid handla data- og elektronikkutstyr for titusenvis av kroner frå guterommet. Pengane fekk dei tak i ved å kjøpe norsk kredittkortinformasjon frå ein russisk nettstad.

I fylgje Fjordenes Tidende skjedde kredittkortsvindelen i jule- og nyttårshelga. Etter kort tid oppdaga politiet svindelen.

Regionlensmann i Nordfjord Tormod Hvattum, vil ikkje avsløre korleis dei avslørte tenåringsgjengen.

Tormod Hvattum

AVSLØRTE SVINDEL: Tormod Hvattum er regionlensmann i Nordfjord.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

– Det vi har avdekka er at det er ein gjeng med gutar som på guterommet som har funne fram til ei russisk side der dei har fått kjøpt kredittkortopplysningar.

Kredittkortnummer frå heile Norge på avvege

Det var brukt kredittkortinformasjon frå heile Norge til å kjøpe varar for fleire titals tusen. Kripos er blitt orientert.

I fylgje fagdirektør innan økonomisk kriminalitet i Finansnorge Else- Cathrine Lund blir slik kriminalitet meir og meir vanleg.

– Det har blitt meir vanleg, det knyt seg til utviklinga innan digitalisering. Kriminaliteten skjer på internett.

Men vi likar å tru at vi handlar sikkert og trygt?

– Vi handlar ikkje trygt på nett utan vidare, den nettstaden eller butikken vi handlar i må vi vere sikre på er reell. Ein kan sjekke e-postadresser, googlar nettstadar og sjekkar opplysningar. Ein må sikre seg at nettstaden har gode tryggleiksrutinar.

Selskapa overvakar kortbruken

Lund seier mange ikkje er bevisste nok på korleis nettet fungerer.

– Vi må vere sikre på at nettstadane er sikre, at nettstadane til dømes har fleire ulike tryggleikssteg for å sikre betalinga, til dømes BankID.

I Nordfjord fann politiet raskt ut at nokon hadde svindla med kredittkort og kunne banke på døra til ungdomane.

Else-Cathrine Lund, fagsjef for økonomisk kriminalitet i Finans Norge

STADIG MEIR VANLEG: Else- Cathrine Lund er fagdirektør innan økonomisk kriminalitet i Finansnorge

Foto: Finans Norge

– Kortselskapa ser at korta blir misbrukt, og når dette skjer oftare enn før risikerer selskapa erstatning. Derfor har selskapa innført løysingar som overvakar kortbruken, og kan åtvara når bruken blir mistenkeleg, seier Lund.

Politiet i Norge har også eit stort fokus på å avdekke kriminalitet på nettet, seier Lund som likevel understrekar at korteigaren har eit stort ansvar for å sikre seg, og ikkje minst følgje med på kortbruken.

– Foreldre må følgje med

I Nordfjord er snart politiet ferdig med etterforskinga. 16-åringane kan vente seg straffereaksjon.

– Det er viktig at foreldre følgjer med på kva born gjer på nettet, spesielt om det kjem dyre ting inn i huset, seier Hvattum.